Desse spela gler vi oss til i oktober

Spenn fast selen, dette blir brutalt.

[Gamer.no]: Så var vi her igjen. Det er den tida av månaden der vi ser litt tilbake, men aller helst framover. September har vore det september skal vere: ei solid opptakt til årets store høgdepunkt. Vi har fått nokre herlege spel, og for enkelte kan det nok seiast at spelåret allereie er over. Når ein har fantastiske og tidkrevjande perler som Guild Wars 2 og Borderlands 2 å drukne kveldane i, er det vanskeleg å be om meir.

Men haustsesongen har knapt byrja. Oktober er kanskje ikkje den mest intense månaden i året, men den stort sett fargerike månaden kjem på ein solid andreplass. I løpet av dei komande noko og tredve dagane vil fleire av haustens aller største spel finne vegen inn i ei og anna spelmaskin. Vi ser føre oss store glis og ein og annan frustrasjon, men kva spel som leverer kva vil berre tida vise.

Vi fyrer laus med våre største håp for månaden som etter Brütal Legend for evig og alltid er omdøypt til rocktober.

Får vi det ultimate Resident Evil?
Får vi det ultimate Resident Evil?

Resident Evil 6

Plattform: PlayStation 3, Xbox 360
Ute: 2. oktober

Om vi skulle fått ein eigen Walk of Fame for spelindustrien, hadde Resident Evil-serien vore sjølvskriven. Heilt frå starten med elendig skodespel og klaustrofobiske herskapshus har serien skremt skiten av både den eine og den andre. Det heile tok derimot ei lita vendig med det fantastiske Resident Evil 4, og etter den tid har fokuset på action teke over for mykje av skrekken.

Dette ser ikkje ut til å endre seg i Resident Evil 6, men der nummer fem i serien var rett fram action stort sett heile vegen, vil Resident Evil 6 by på mykje større variasjon. Vi får ta del i tre ulike historier som alle byr på si eiga vinkling, og ulikt gameplay. Her får vi ta del i både mørke utflukter gjennom utrivelege kloakksystem, samt militære angrep på infiserte skyskraparar.

Les meir om Resident Evil 6

Brutale kampar i War of the Roses.
Brutale kampar i War of the Roses.

War of the Roses

Plattform: PC
Ute: 2. oktober

I War of the Roses tek du på deg rolla som ein riddar under Rosekrigane som herja i England på 1400-talet. Spelet vil by på ei historie du kan slå deg gjennom aleine, men det store fokuset ligg på fleirspelarkampar. Med sverd, øks, pil og boge må du gå til krig mot andre spelarar i svært brutale slag.

War of the Roses skil seg frå bermen gjennom å leggje stor tyngde på realisme. Her er det ikkje snakk om å veive rundt med eit tomannssverd som om det var laga av plast. Alle våpen har tyngde og tilsvarande kraft, og det nyttar ikkje å daske laus som ein livsnytar på suspekt klubbesøk. Du må time angrepa riktig, og feilar du i det kan døden vere neste stopp. Noko så enkelt som å skyte ei pil kan bli ei utfordring her når det tek mange sekund å lade om armbrøstet.

Les meir om War of the Roses

Steamning og snikmord i saleg blanding.
Steamning og snikmord i saleg blanding.

Dishonored

Plattform: PC, PlayStation 3, Xbox 360
Ute: 12. oktober

Om du er lei av å ta livet av folk i Assassin's Creed-serien er ein ny snikmordar på veg. I Dishonored reiser vi til industribyen Dunwall i 1900-talets England. Når det er sagt er dette på ingen måte ein truverdig versjon av gamlelandet. Her blandast Jack the Ripper med steampunk, og det heile lovar å bli eit visuelt verk noko utanom normalen.

I denne verda skal du i førsteperson snike deg rundt og ta livet av både det eine og andre krapylet med stor stil. Sjølv om fokuset er på sniking og drap byr spelet på fleire solide rollespelelement som let deg byggje opp helten Corvo Atano. Stor valfridom er stikkordet for det meste i Dishonored. Du får ikkje berre velje kva våpen du vil bruke til å gjere jobben din med, men òg korleis du vil gå fram for å utføre oppdraga dine.

Les meir om Dishonored

Tid for å knerte litt romvesen igjen.
Tid for å knerte litt romvesen igjen.

XCOM: Enemy Unknown

Plattform: PC, PlayStation 3, Xbox 360
Ute: 12. oktober

Dette er det mange som har venta lenge på. XCOM-serien frå 90-talet presenterte oss for eit scenario der planeten har blitt vitja av romvesen meir enn ein gong. I desse taktiske spela måtte du leggje ut på tokt for å kjempe mot alle slags merkelege skapningar. Deretter måtte du samle inn teknologi som du i tur kunne forske på for å skape dine eigne variantar.

No har strategikjempene i Firaxis teke på seg oppgåve med å føre serien inn i ein ny tidsalder. Her blir det igjen taktikk og forsking, men i ei form tilpassa eit moderne publikum. I XCOM: Enemy Unknown må du overvåke planeten, fange opp angrep frå rommet, og prioritere kva dine viktigaste mål er. I tillegg kjem spelet med ein fleirspelarmodus der du kan teste ferdigheitene dine mot andre spelarar.

Les meir om XCOM: Enemy Unknown

Krigen held fram i Medal of Honor: Warfighter.
Krigen held fram i Medal of Honor: Warfighter.

Medal of Honor: Warfighter

Plattform: PC, PlayStation 3, Xbox 360
Ute: 23. oktober

Årets skytespel frå EA lovar å by på mykje intens skyting. Som i det førre Medal of Honor-spelet har utviklarane hos Danger Close henta ekspertise frå skikkelege krigsveteranar. Med dette håpar dei å skape eit realistisk og autentisk spel som kan ta opp kampen mot mastodonten Call of Duty: Black Ops II som kjem i november.

I Warfighter håpar Danger Close å få deg inn i hovudet til soldatane. Ikkje berre skal du kjenne dramaet over å vere i ei krigssone, men i tillegg skal du merke korleis det er å vere langt borte frå kone og born. Av større interesse for oss nordmenn er at du i fleirspelarmodusen kan velje mellom tolv ulike spesialtroppar, der ein av dei er vår eigen FSK/HJK. Her er målet å skape intense kampar der spelarane sjølv kan knive om kva land som har dei beste spesialtroppane.

Les meir om Medal og Honor: Warfighter

Villkøyring av beste sort?
Villkøyring av beste sort?

Forza Horizon

Plattform: Xbox 360
Ute: 26. oktober

Årets Forza blir noko utanom det vanlege. Med inspirasjon frå Test Drive Unlimited-serien møter vi no ei stor og opa verd henta frå den amerikanske delstaten Colorado. Har kan du køyre fritt rundt og oppleve dag- og natt-syklusar medan du nyt utsikta. På din veg kan du ta del i mange forskjellige festivalar som byr på tonnevis med ulike utfordringar.

Forza Horizon blir meir actionprega enn sine forgjengarar som først og fremst var bilsimulatorar med stor vekt på realisme. Det betyr på ingen måte at realismen forsvinn, men du får no poeng for å ta i eit tak. Her aukar populariteten din om du køyrer uhorveleg kjapt, med stil. Samtidig får du bryne deg på mange ulike underlag som til dømes asfalt, gjørme, og gras.

Les meir om Forza Horizon

Kan Connor halde fram suksessen?
Kan Connor halde fram suksessen?

Assassins Creed III

Plattform: PC, PlayStation 3, Xbox 360
Ute: 31. oktober

Trilogien om Ezio er kanskje over, men det betyr på ingen måte vi ikkje har rom for fleire snikmordarar. Denne gong møter vi Connor Kenway. Han er halvt brite, og halvt mohawk. Denne miksen gjev han det beste av to verder i det han kastar seg ut i den amerikanske borgarkrigen.

Assassin's Creed III gjer mykje ulikt dei tidlegare spela i serien. Der du før stort sett klatra over høge bygningar midt i ein tidleg metropol, kan du no herje fritt i villmarka. Her vil du kunne springe langs bakken og hoppe mellom greiner om det så er vinter eller sommar. Skulle snøen lave ned må du derimot rekne med at trasking på bakkenivå kan bli noko tungvindt. Som om det ikkje var nok får vi for første gong ta del i sjøslag når vi skal setje vårt preg på verdshistoria.

Les meir om Assassin's Creed III

Ein ekte femme fatale?
Ein ekte femme fatale?

Spekkfull kalender

Som vanleg er dette langt frå alt månaden har å by på. Ved sidan av Assassin's Creed III får vi møte den første kvinnelege snikmordaren i serien i PS Vita-spelet Assassin's Creed III: Liberation. Om du likar eventyr, men ikkje er så glad i snikmord kan kanskje Fable: The Journey vere noko for deg. I dette Kinect-spelet reiser du gjennom Albion på hest og kjerre, og får bruke mange ulike magiske krefter.

For deg som likar japanske rollespel kjem eit nytt Pokèmon-spel til 3DS. Som vanleg kjem det i to variantar; svart og kvit. Eit vestleg rollespel som får seg ei solid oppdatering i oktober er The Lord of the Rings Online som let deg ri på hesteryggen i Riders of Rohan. Kan du ikkje fordra å spele på nettet, kan derimot LEGO The Lord of the Rings kanskje vere tingen for deg.

I det sære Dungeonland kan du alternativt rotte deg saman med to andre spelarar for å kome deg heilskinna gjennom ein forskrudd moropark. Dette er derimot ikkje det einaste sære spelet i oktober. I Hell Yeah: Wrath of the Dead Rabbit tek du på deg rolla som ei sinna kanin som skal ta hemn på ein rival som har posta sexbilete på nettet.

For å halde oss til små dyr er meitemarkane i Worms tilbake, både på golfbana og i klassisk stil. Av større dyr får vi møte den kvite ulven Amaterasu igjen i Okami HD.

Utover dette får dei skyteglade nok å bry på seg. I Sniper: Ghost Warrior 2 må du igjen plukke opp snikskyttarrifla for å plukke ned både den eine og den andre stakkaren. For hakket meir takt og stil kan Activision by på James Bond: 007 Legends som satsar på å flette saman heile seks Bond-filmar i ei pakke.

Doom 3 BFG Edition byr derimot på hardare kost. I denne gjenskapinga av det småskumle skytespelet får vi ikkje berre oppgradert grafikk, men noko så spinnvilt og vågalt som ei lommelykt du alltid kan ha på, er no fast inventar. Ikkje gale berre det.

Oktober ser ut til å bli ein heidundrande månad. Det er berre å glede seg, og ta ut alle ferie- og sjukedagar du har spara opp gjennom året.

Kommentarer (1)

Norges beste mobilabonnement

Mars 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio FriBruk 5GB+EU


Jeg bruker mye data:

Komplett MaxiFlex 10GB


Jeg er superbruker:

Komplett MegaFlex 30GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen