Desse spela gler vi oss til i mai

Medan landet feirar seg sjølv, feirar vi ein herleg spelmånad.

[Gamer.no]: Kom mai du skjøne milde, jada, jada, kven bryr seg ikkje sant? Det einaste mai er god for er mykje ekstra tid til speling. Vi har fleire fridagar, og om du skulle vere så heldig å gå på skule er heile månaden litt som ein lang, oppstykka ferie. Lange helger, korte dagar på skulen der heildagsprøver sender deg heim tidleg, og om du er russ! Ja tenk det du, om du er russ.

Då skal du drikke bort verdifull tid før du skal opp til eksamen med ein bakrus som får solid fagleg yting til å framstå som ei langt mindre krevjande utfordring enn det var for Simen å kome seg gjennom Kinect Star Wars tidlegare i april.

Skulle du ikkje vere så heldig å framleis vere ein del av skulesystemet er det derimot ingen grunn til panikk, mai månad byr på mange svært lovande spel, så dette kan blir dyrt.

Resultatet av nokre kveldar med AB Energizer.
Resultatet av nokre kveldar med AB Energizer.

TERA

Plattform: PC
Ute: 3. mai

I tillegg til å vere eitt av dei definitivt vakraste MMO-spela i nyare tid prøvar dei sør-koreanske utviklarane bak TERA å puste nytt liv inn i ein sjanger som stort sett baserer seg på autoangrep. Her blir det full action for alle penga, og det heile vil ha mykje meir til felles med eit actionrollespel der dukking, forsvar og angrep i sanntid er viktige element.

I nyare tid har det vore litt kontrovers rundt spelet. Først blei europeiske spelarar forbanna fordi store mengder blod blei fjerna til fordel for lågare aldersmerking, før dei blei enda meir forbanna fordi småjentene i spelet måtte kle på seg litt. Slikt kan samtidig sjå ut til å vere element NCSoft meiner dei har patent på sidan dei har valt å saksøke Bluehole.

Les meir om TERA

Om du forventa ei grafisk oppgradering tok du feil!
Om du forventa ei grafisk oppgradering tok du feil!

Minecraft

Plattform: Xbox 360
Ute: 7. mai

Dette spelet treng vel strengt tatt ingen introduksjon. Har du ikkje høyrt om Minecraft har du sannsynlegvis isolert deg frå alt som har med teknologi å gjere det siste året, eller har absolutt inga interesse for spel. Den svenske skaparen Markus Persson har gjort det OK for nerdar å gå med fedora, og slikt står det respekt av.

PC-fenomenet tek no turen over til Xbox 360 via digital nedlasting og vil by på eit nytt kontrolloppsett skreddarsydd for kontroll. Under kunngjeringa av spelet blei det sagt å vere ein Kinect-tittel, men denne funksjonaliteten ser ut til å la vente på seg. Det du derimot får på kjøpet no i mai er ein fleirspelarmodus der du kan byggje massive slott og grave djupe grotter saman med ein kompis på ei og same maskin. Ikkje verst berre det.

Les meir om Minecraft

Det finnest dei som meiner dette ikkje er mørkt nok.
Det finnest dei som meiner dette ikkje er mørkt nok.

Diablo III

Plattform: PC
Ute: 15. mai

Den demoniske actionrollespelserien til Blizzard er endeleg tilbake. Det har berre gått elleve år sidan førre gongen Blizzard dytta ut eit spel med Diablo skrive i blod på framsida, og det er ingen tvil om at forventningane no er skyhøge før del tre av sagaen veltar over eit sveltefora publikum.

Vi returnerer til den svartsvidde verda vi kjenner frå før, og vil møte både nye og gamle kjende som vil hjelpe oss vidare på vegen, eller gjere sitt beste for at vi får ein tidleg død. Som vanleg vil vi få servert ei omfattande historie, men det herskar vel ingen tvil om at det er på nett den store moroa vil herske. Diablo-serien har vore uhyre viktig for samarbeid over nett generelt, og det eg vil tørre å påstå eg ikkje tek munnen for full når eg no seier at kongen har vendt heim.

Les meir om Diablo III

Shit happens når du avbryt pokerkvelden.
Shit happens når du avbryt pokerkvelden.

Max Payne 3

Plattform: PC, PlayStation 3, Xbox 360
Ute: 18. mai

Det har gått nokre år sidan sist vi møtte godguten Max. Han har alltid vore eit lyspunkt i ei elles grå verd, men denne gongen tek han det hakket lengre. Kvar dag er ein fest, og flaska med morovatn er aldri langt unna. Slikt gjer han opplagt og klar for ein kveld på byen, og kva er vel betre for ein kveld på byen enn eit par blankpolerte pistolar?

Alt vi eigentleg har sett av Max Payne så langt har blitt gjort av finske Remedy som i seinare år har vandra bort frå gamle trakter til fordel for nykomaren Alan Wake. No ligg rorert i henda til Rockstar Entertainment, og dei fleste er vel godt klare over at om nokon kan å lage spel, så er det dei. Vår ekspert Andrine var i alle fall entusiastisk etter å ha kika på spelet.

Les meir om Max Payne 3

Når skal vi få eit spel om å klemme fabeldyr i staden for å drepe dei?
Når skal vi få eit spel om å klemme fabeldyr i staden for å drepe dei?

Dragon's Dogma

Plattform: PlayStation 3, Xbox 360
Ute: 25. mai

Tradisjonell fantasy er ikkje akkurat originaliteten sjølv, men det er eit utgangspunkt som kan omfamne mange forskjellige konsept. Stort sett endar vi opp med noko som har rollespel i namnet, og Dragon's Dogma er ikkje noko unntak. Det som gjer dette spelet veldig interessant, er dei forskjellige elementa som saman prøvar å svimeslå sansane dine.

Som eitt av få japanske spel som byr på ei stor og opa verd vil ikkje Dragon's Dogma berre by på langstrakte vidder, og djupe dalar. Spelet kjem med eit solid kampsystem skreddarsydd for å ta ned mange legendariske og massive mytologiske beist. Her klatrar du på dragar og riv ned kjemper heile dagen lang, og ein kan undre seg over om mottoet under utviklinga har vore «meir, meir, meir!».

Les meir om Dragon's Dogma

Sorcery byr blant anna på ølmage og sideflesk.
Sorcery byr blant anna på ølmage og sideflesk.

Smågodt på snor

Sommaren er ikkje langt unna, men det er ikkje mykje som vitnar om det når vi ser på mai. Her er det stappfullt av spanande titlar for ein kvar smak. I starten av månaden vender vi tilbake til Albion i spelet Fable Heroes, eit sidesprang for Fable-serien der alt handlar om fleirspelarmoro og den galskap det medfører.

Av mørkare kvalitetar dukkar den lugubre Chimera-rasen opp på PS Vita i Resistance: Burning Skies, medan PlayStation Move omsider får selskap frå det magiske trollmannspelet Sorcery der du skal bruke Move-kontrollaren for å vifte fram forskjellige magiske formular.

Om bilar er di greie kan Codemasters by på DiRT: Showdown, eit aggressivt spel der du i tillegg til å køyre raskare enn Joachim på jakt etter siste indieperle kan tene store poengsummar på å krasje inn i motstandarane dine. Nokon som hugsar gode gamle Destruction Derby?

Skulle du ikkje få nok kuler frå Max Payne 3 får vi i mai gjensyn med to kjære seriar. Vi reiser til framtida i Tom Clancy's Ghost Recon: Future Soldier, medan du i Sniper Elite V2 vil få sjansen til å sjå korleis ein million kuler ser ut når dei borar seg inn i ein skalle i sakte kino.

Som sagt, kom mai du skjøne milde.

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen