Desse spela gler vi oss til i desember

Det er på tide å ta på seg tøflane, fyre i peisen, og ta det med knusande ro.

[Gamer.no]: Eg veit ikkje med deg, men eg er glad. Veldig glad. Det er noko med å nå desember som får meg til å tenkje «Ja! Eg klarte det». Eg kom meg gjennom enda eit år med ei absurd mengde spel som helst skal kikast på. Sjølv om eg har gått glipp av like mykje som eg har fått med meg, så skulle det berre mangle. Med alle dei massive spela som har blitt lanserte i det siste er det ikkje rart om hjernen krev litt kvile.

November har som vanleg vore ein intens månad for alle som har ei over middels stor interesse for spel. Microsoft har slått oss i bakken med det fantastiske Halo 4, spelarane har flokka rundt Black Ops II som klegg rundt våte lår ein varm sommardag, vi har luska gjennom skuggane i Hitman: Absolution, og vi har latt oss fascinere av det tropiske øylandskapet i FarCry 3.

Ikkje minst har vi fått servert ein heilt ny konsoll frå Nintendo, og eg ser føre meg at konsollkrigane som akkurat hadde roa seg ned snart blaffar opp igjen med solid kraft.

Ein god november med andre ord. Sannsynlegvis har du i likskap med meg ikkje hatt sjanse for å kome deg gjennom alt, og difor er det jo kjekt at desember tradisjonen tru ikkje byr på heilt den same intensiteten. Vi får sjølvsagt servert nokre spanande spel, men terrenget byr først og fremst på usikre og tvilsame datoar for spel som lett kan ramle inn i neste kalenderår.

Gandalf viser sine beste sider.
Gandalf viser sine beste sider.

Guardians of Middle-earth

Plattform: PlayStation 3, Xbox 360
Ute: 4. desember

Med over 30 millionar spelarar berre hos gratisspelet League of Legens er det ikkje tvil om at MOBA-sjangeren mildt sagt er enorm. Det var difor berre eit spørsmål om tid før sjangeren tok vegen til konsoll. At det første spelet ut samtidig smukkar seg i Ringenes Herre-drakt skadar nok ikkje salstala.

Om du er ukjend med MOBA-sjangeren går det enkelt og greit på at fleire heltar rottar seg saman for å kjempe mot kvarandre. Nye eigenskapar og utstyr blir kjøpt og oppgradert, og i stødig tempo skvisar det eine laget ut det andre. I Guardians of Middle-earth får du ta på deg rolla som mange forskjellige figurar frå Tolkien sitt univers, og alle har sine unike eigenskapar som kan oppgraderast. Kan MOBA-sjangeren ta konsollane med like stor og kraftig storm som PC-publikumet?

Finn prisar på Guardians of Middle-earth

Ja takk.
Ja takk.

The Elder Scrolls V: Skyrim — Dragonborn

Plattform: Xbox 360
Ute: 4. desember

Om du trudde du var den einaste dragefødde tok du grundig feil. I Dragonborn får vi nørkontakt med den alle første dragefødde fyren, og han er ikkje særleg blid. Naturleg nok blir det trøbbel av slikt, men på den positive sida får vi eit nytt eventyr som konsekvens. I Dragonborn-utvidinga til Skyrim reiser vi til øya Solstheim som vi tidlegare kunne vitje i Morrowind-ekspansjonen Bloodmoon.

Her møter vi både gammalt og nytt, både i form av miljø, fiendar og utstyr. Blant anna får vi igjen ta på oss chitin-rustningane frå Morrowind. Øya byr på fleire byar, og massevis av grotter du kan utforske. I Dragonborn skal du i tillegg kunne temje dragar, og vi får berre krysse fingrane for at vi kan setje oss på ryggen deira for å sprute litt eld på stakkarane under oss.

Det blir ei bra jul.
Det blir ei bra jul.

The Book of Unwritten Tales: The Critter Chronicles

Plattform: PC, Mac
Ute: 5. desember

Berre eit år etter at The Book of Unwritten Tales dukka opp på engelsk, er oppfølgjaren på plass. Om den held same nivå som originalen kan vi vente oss lekker 2D-grafikk, solide gåter, og mykje god humor. I The Critter Chronicles får vi historia om det som skjedde før The Book of Unwritten Tales, og spesielt då korleis hovudpersonen Nate Bonnett møtte sin følgjesven Critter.

Oppfølgjaren lovar å by på betre grafikk spesielt i form av betre ansiktsanimasjon, og enda meir humor. Utviklarane lovar ei solid speletid på rundt omkring ti timar, og du kan justere vanskegrada etter kor erfaren du er med eventyrspel. Er gåter alt du lev og andar for kan du få bryne deg på enda større utfordringar enn dei som ikkje orkar tvinne hjernen rundt slikt.

Skumle grotter i Darkfall.
Skumle grotter i Darkfall.

Darkfall Unholy Wars

Plattform: PC
Ute: 12. desember

Om du kjenner igjen namnet Darkfall er ikkje det så rart. Originalt var det eit norsk prosjekt som seinare blei flytta til Hellas. Darkfall Unholy Wars er eit forsøk på å få liv i spelet igjen ved å gjere det til noko ganske unikt. Her er det ikkje snakk om å dele spelet opp i individuelle soner. Her skjer alt på eit massivt område der alle spelar saman.

Fokuset ligg på spelarane, og korleis dei relaterer til kvarandre. Dette involverer mykje meir ein typiske kampar der ein spelar mot kvarandre. Her skal du danne klanar, hærer, byar, og driv krigføring i stor stil. Utviklarane påstår at fleire tusen spelarar skal kunne krige mot kvarandre samtidig, og om ikkje anna burde det bli litt av eit syn. Etter planen skulle Darfall Unholy Wars sleppast i november, men fekk ei hendig lita utsetjing slik at det er ute akkurat i tid før juleferien.

Dust 514 kan bli veldig interessant.
Dust 514 kan bli veldig interessant.

På låven sit nissen

Som vanleg er ikkje dette alt som sleppast i løpet av månaden vi har framfor oss, men resten av datoane for desember er i stor grad usikre. Vi sit med fleire spel som ikkje har nokon presis dato nagla, og lett kan ende opp med å gå under radaren, eller gli over i 2013. Vi har likevel nokre nemneverdige spel å ta med på lista.

Sjølv om det er eitt av mange spel utan presis dato er Uncharted: Fight for Fortune eit noko interessant konsept. Det bryt totalt med dei tidlegare spela i serien og skal ha oss til å spele kort i staden for å skyte pistol. Om du har spelt Uncharted: Golden Abyss kan du bruke gjenstandar du har funne der som bonusar i Fight for Fortune. Det gjenstår å sjå om dette blir urettferdige fordelar.

Om du er på jakt etter julegåver kan kanskje Mass Effect Trilogy vere eit alternativ. I denne samlepakka til PlayStation 3 får vi for aller første gong spele det første Mass Effect-spelet på Sony si maskin. Om du har grine deg i søvn kvar natt fordi du berre har PlayStation 3, kan du tørke nokre tårer no.

Er vi heldige får PlayStation 3-eigarane enda meir romaction å kose seg med sidan EVE Online-sidespranget Dust 514 forhåpentlegvis blir ferdig for lansering ein gong i løpet av månaden. Dette skytespelet går føre seg i det same universet som EVE, og det er ikkje alt. Romskip i EVE kan skyte rakettar mot spelarar i Dust 514, og det er berre ein av måtane desse to spela kan påverke kvarandre på. Vi ventar i spaning.

Spaning er nok stikkordet for mange av dei som ventar på at Baldur's Gate: Enhanced Edition skal dukke opp på nettbretta våre. Spelet er omsider lansert på PC, men iPad, Mac og Android let vente på seg. Å ikkje ha denne perla klar før jule hadde vore like bittert som å avlyse det årlege juleselskapet grunna flaum, uvær og straumbrot. Av eiga erfaring kan eg fortelje deg at det er ei kjensle du ikkje vil smake på.

God jul!

Kommentarer (0)

Norges beste mobilabonnement

Mars 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio FriBruk 5GB+EU


Jeg bruker mye data:

Komplett MaxiFlex 10GB


Jeg er superbruker:

Komplett MegaFlex 30GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen