C# 2.0 avslørt

Generiske arrays

Generiske arrays er ein språk-eigenskap som er kjent for brukarar av t.d. Eiffel og Ada, og det kjem som eit svært godt tillegg om du har planar om å lage arrays for å halde generelle objekt. Det ein tidlegare har deklarert som arrays som består av typen objekt, grunna at ein ikkje veit kva type objekt arrayen skal innehalde på førehand. Ein kan då, forutsett at det berre er ein type objekt som skal inn i arrayen, deklarere dette som T[] i staden for object[].

Fordelar ved å bruke denne metoden, er t.d. at ein slepp mykje arbeid med typesjekking og typekasting, der feil kan oppstå ved at ein sett inn objekt av feil type i denne arrayen. Klassar som benyttar seg av generiske arrays, tar no imot eit type-argument, som angjer kva type denne arrayen skal innehalde.

public class Stack<T>
{
       T[] items;
       int count;
       public void Push(T item) {...}
       public T Pop() {...}
}
...
Stack<int> stack = new Stack<int>();
stack.Push(3);
int x = stack.Pop();

Anonyme metodar

Anonyme metodar er i korte trekk ein måte å sleppe å skrive t.d. hendingsbehandlarar for svært korte hendingar. I staden kan du no "delegere" (med nøkkelordet delegate) ein liten kodesnutt til ein gitt hendingsbehandlar. Du kan og sende ein anonym metode som parameter til metodar som forventer argument av typen Function.

Slike metodar kan spare deg for relativt mykje tid når du kodar; du kan ofte sleppe å deklarere metodar med fulle parameterlister. Når du delegerer ein metode, slepp du nemlig å ta med parameterlista, dersom du ikkje skal bruke parametrene. Dømet nedanfor illustrerer kort bruken av delegate-nøkkelordet.

addButton.Click += delegate {
       listBox.Items.Add(textBox.Text);
};

Iteratorar

Iteratorar er kort sagt ein måte å få foreach til å fungere på dine eigne klassar. Du oppgjer kva rekkefølgje foreach ved hjelp av ein metode GetEnumerator med returtypen IEnumerator.

public IEnumerator GetEnumerator() {
       for (int i = count ? 1; i >= 0; --i) {
              yield return items[i];
              }
       }

Delvise typar

Delvise typar tillater deg å dele ein enkelt klasse opp i to delvise typedeklarasjonar. Dette gjer ein ved at alle delar av klassen får metodedeklarasjonen public partial class .... Bortsett frå at det kan vere praktisk å dele opp klassar i fleire filer på denne måten, grunna t.d. storleiken på klassen, er det ingenting spesielt ved å ta i bruk delvise klassar.

Dette er eit generelt overblikk over kva nye eigenskapar C# vil få som språk i versjon 2.0. Microsoft har publisert eit større dokument med dei nøyaktige spesifikasjonane til språket, du kan lese dei her.

Døma i denne artikkelen er copyright © 1999-2003 Microsoft Corporation.

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen