Borland sine planar for Delphi

Det er ingen hemmelighet at Delphi 8 for the Microsoft .NET Framework ikkje vart spesielt godt mottatt rundtom i verda. Vår omtale av produktet var heller ikkje spesielt smigrande [Omtale: Delphi 8 for .NET]. Borland har lagt merke til at mange utviklarar framleis støtter seg på Win32-utvikling, og at .NET då ikkje var noko alternativ for dei.

Neste oppdateringa som kjem vil difor vere for Delphi 7, nemlig ein patch til versjon 7.1. Denne vil addressere ein del problem med t.d. dbExpress, men er eit ledd i å vise at Borland fortsatt utviklar Delphi 7. Denne kjem i andre kvartal av 2004.

Borland har nemlig og planar om å vidareutvikle Win32-verktøya sine, og planlegg å lage ein versjon av Delphi "7" som køyrer i Galileo-grensesnittet, som me såg i .NET. Borland lovar samstundes at dei ikkje skal sakke ned på .NET-utviklinga, og lovar støtte for Compact Framework, .NET Whidbey, Yukon, Longhorn og WinFX.

Oppdateringa til Delphi .NET

Oppdateringa fell litt i skyggen når Borland snakkar om framtidsplanane sine, men her er i alle fall ei liste hovudpunkta som er pussa opp på. Endringane er i alle hovudsak bugfiksar.

  • Brukargrensesnittet
  • Native Open Tools API
  • Databasetilgang
  • ASP.NET HTML
  • ASP.NET Web Controls
  • Internet
  • ECO
  • Debuggeren
  • Kompilatoren
  • RTL
  • VCL
  • Tredjeparts programvare

PS! Sidan forrige gong me skreiv noko om Delphi, har Borland lagt ut ein prøveversjon av Delphi 8 .NET Architect, som gjer at du sjølv kan få teste kva du meiner om Delphi 8.

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen