Borland lanserer Janeva 6

Janeva kjem som ein del av Borland si satsing på .NET-plattformen, og skal gjere det "mogleg å følgje med i tida, utan å gje opp fortida", heiter det i pressemeldinga. Janeva tilbyr sikker kommunikasjon mellom programvare for Microsoft .NET-rammeverket, og J2EE og CORBA teknologi på tenarsida.

Nytt i denne versjonen er hovudsakleg støtte for "alle dei store" J2EE-tenarane, samt autentisering av brukarar. Det er og støtte for callback funksjonar, som gjer to-vegs kommunikasjon mellom .NET og J2EE.

Janeva 6 skal vere klart for utsending seint i fjerde kvartal i år. Borland garanterer at det skal virke med BEA WebLogic Server 7.0 og 8.1, Borland Enterprise Server 5.2, IBM WebSphere 5.0 og Oracle9I Application Server.

Norges beste mobilabonnement

Mars 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio FriBruk 5GB+EU


Jeg bruker mye data:

Komplett MaxiFlex 10GB


Jeg er superbruker:

Komplett MegaFlex 30GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen