Anmeldelse Borderlands 2

Borderlands 2 er akkurat like bra som vi håpa

Oppfølgaren er større, penare og byr på meir underhaldning.

[Gamer.no]: Så var vi her. Det er nesten vanskeleg å forstå at det har gått heile tre år sidan Borderlands regelrett tok oss på senga med sin vanvittige kombinasjon av absurd humor, karismatiske område og det mest eksentriske våpenarsenalet nokon sinne. Likevel er vi no i mål. Gearbox har gjort det einaste fornuftige. Dei har gjort alt større. Variasjonen er større, arsenalet er større, områda er større, og underhaldningsverdien er imponerande nok større òg.

Borderlands 2 treff blink med ein gong. Utviklarane har sikta på den gyldne regelen med umiddelbar moro, og det tek ikkje mange sekunda frå du har valt ein karakter, til du ser fiendar etse bort i ein foss av grøn syre. Du spring rundt som ein lenge innestengd fange som endeleg er fri. Endeleg kan du gjere akkurat som du vil, og du kastar deg ut i gladvald, romsterer gjennom alle dei skinande våpna som ligg strødd som konfetti på bakken, og ler av alt skitsnakket som skjer over radioen.

Dette min ven, er berre starten.
Dette min ven, er berre starten.

Ein ny start

I Borderlands 2 reiser vi igjen tilbake til planeten Pandora. Nokre år har gått sidan førre gong, og vi får velje mellom fire svært forskjellige heltar. Vi finn ein kompakt villmann som kan hente fram to våpen samtidig når han blir ekstra sint, ein spinkel fyr som kosar seg med både snikskyttarrifle og katana, ein kommandosolat som kan kaste ut ein stasjonær kanon, samt ei spretten dame som kan låse fast fiendar for effektiv avretting.

Nokre av dei kan minne om gjengen frå Borderlands, men forskjellane viser seg ganske kjapt. Først og fremst gjeld dette gjennom korleis du vel å byggje opp dei ulike karakterane. Kvar helt har tre kategoriar du kan oppgradere dei i etter kvart som du sankar inn erfaringspoeng. Du kan blande og kombinere som du sjølv vil, men for å få tak i dei heftigaste eigenskapane må du spesialisere deg. Skulle du velje feil kan du likevel betale ein liten sum for å fordele alle poenga dine på ny.

Du blir glad i Pandora, men ikkje i denne skitsekken.
Du blir glad i Pandora, men ikkje i denne skitsekken.

Større og penare

Med Borderlands 2 får vi akkurat det vi kunne ha håpa på. Etter suksessen med Borderlands er det lett å sjå at Gearbox har brukt tida på å gjere alt det som ikkje kunne gjerast i første omgang. Verda er større, den er penare, den er meir underhaldande, og den byr på mykje meir moro. Variasjonen er mange gongar større, og om ein skulle gå lei av dei brune landskapa i det første spelet får du i pose og sekk no.

Pandora er ei verd ulikt noko anna. Frå den grafiske stilen som bryt brutalt med alt anna på marknaden, til den fengjande musikken som glir over frå klaustrofobisk western til industrielle rytmar sterkt inspirert av Nine Inch Nails, har Gearbox bygd opp ei verd som overbeviser på alle punkt.

Når du først set føta på bakken i dette spelet, er tanken på å gjere noko anna uhyre krevjande. Du vil ikkje bort, du vil ikkje gjere noko anna. Du vil vere her i denne dysfunksjonelle verda der dei mest dramatiske situasjonar blir snudde på hovudet av ein vulgær robot som etter alt å døme vil kopulere med eit sikringsskap.

Borderlands 2 kjem i sal fredag 21. september for Xbox 360 (testa), PlayStation 3 og PC (testa).

Dom Xbox 360 / PC: 9/10 KLASSISK

Vil du vite meir?
Les heile anmeldelsen av Borderlands 2 på Gamer.no »

Kommentarer (0)

Norges beste mobilabonnement

Mars 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio FriBruk 5GB+EU


Jeg bruker mye data:

Komplett MaxiFlex 10GB


Jeg er superbruker:

Komplett MegaFlex 30GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen