Guide

Boolsk algebra

Introduksjon

Boolsk algebra er ein veldig spesiell måte å regne på, og det de fleste forbinder med namnet er datatypen boolean, som finns i de fleste programmeringsspråk. Det er derimot mange måtar å skrive ting på. Me byrjar med heilt grunnleggande logikk.

Først og fremst baserer boolsk algebra seg på boolsk verdiar, eller sanninngsverdiar. Notasjonen dei fleste er vant til er true og false, sant og usant, høg og lav eller 1 og 0. Ein boolsk variabel kan berre anta to verdiar, nemlig 1 og 0. Kva du ønskjer å kalle desse får vere opp til deg sjølv.

I programmering kan ein gjere visse operasjonar, som me nyttar oss av heile tida, t.d. i if-setningar, while- og for-loopar, og så vidare. Dette er det me kallar utsegn (frå engelsk statement). Ei utsegn er det som gjer oss ein sanningsverdi, og sanningsverdien avgjer ofte kva programmet skal gjere vidare. "1 + 1 = 2" er ei utsegn, som vil gje sanningsverdien 1 (sann). Me kan og kombinere utsegner, "1 + 1 = 2 eller 1 + 1 = 3", som og vil ha sanningsverdi 1.

Dette er det me kallar ei samansett utsegn, og me har her nytta operatoren "eller". Me har eit standard sett med slike operatorar, som er "og" (AND), "eller" (OR), "eksklusiv eller" (XOR) og "ikkje" (NOT). Det finns fleire, men desse er dei viktigaste. Nøyaktig korleis dei virkar, skal me straks definere.

Når me vil skrive utsegna fort, nyttar me ofte ein meir matematisk notasjon, og det er denne notasjonen me skal nytte utover i denne artikkelen. Difor kjem me ikkje til å bruke så konkrete døme som ovanfor, men litt meir abstrakte dømer. Me kjem til å kalle den første utsegna p, den andre q, og så vidare.

Me kjem heller ikkje til å bruke dei vanlege programmeringsoperatorane AND (&&) og OR (||), men dei relevante matematiske symbola. Det er eigentleg veldig enkelt, men det krev litt tilvenning. Me seier at AND vert skrive som multiplikasjon, som betyr at pq = p AND q = p*q berre er ulike skrivemåtar av det same uttrykket. I tillegg seier me at OR vert skrive som addisjon p + q = p OR q.

Norges beste mobilabonnement

Mai 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Chili Medium 5 GB


Jeg bruker mye data:

Chili Large 10 GB


Jeg er superbruker:

Chili X-Large 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen