Test

Beginning PHP4

Av Wankyu Choi, Allan Kent, Chris Lea, Ganesh Prasad og Chris Ullman
Publisert av Wrox Press Ltd., første utgåve
775 sider, 17 kapittel, 3 tillegg

Takk til Wrox for utlån av boka.

Bilde av bokaFor å gje ei oversikt over boka, så byrjar den med installasjonen av PHP, for så å gå vidare til å skrive eit enkelt testprogram i kapittel 2. Her får du opplæring i kva variablar er, og korleis du skriv ut informasjon til skjermen. Dei går vidare på korleis ein tek imot inndata, og korleis ein behandlar denne, før dei byrjar på nokre kapittel om kontrollstrukturar, der dei først tar for seg bruk av if og case, deretter på loopar og rekkjer. I sjette og sjuande kapittel vert det fortalt om korleis ein skal organisere koden best mogleg, og korleis ein skal fange og unngå feilmeldingar.

Vidare fortel boka om korleis ein skal sørge for at data i eit skript er tilgjengelig i neste skript, ved hjelp av sessions og cookies. PHP er eigentleg ikkje meint som eit objektorientert språk, men det er eit eige kapittel om korleis den avgrensa objektorienteringa fungerer, korleis ein lagar objekt, og korleis ein nyttar dei, samt litt om korleis objektorientert arving fungerer. No går boka over på meir spesifikke oppgåver, der kvart felt har sitt eige kapittel; fil og katalogbehandling, databasemogleikar, bruke MySQL frå PHP, behandling og bruk av XML, utsending av e-post, og til slutt grafikkbehandling. Dei avsluttar boka med eit større døme, der dei skal bygge ein database med kategoriserte hyperlinkar.

I tillegg får me på slutten ein oversikt over ODBC; som gjer at du kan kople PHP opp mot Access-databasar, etterfulgt av ei oversikt over PHP sine funksjonar, og ein kort beskrivelse av kva funksjon dei har.

I alle kapittel er det mange ulike dømer, som gjer deg ei god oversikt over stoffet. Døma er svært varierte, men har ikkje alltid like stor nytteverdi. Døma går frå alt frå det klassiske ?hei verden? til meir avanserte spel som Hangman. Dei viser og korleis ein kan lage ein webbasert teksteditor à la notisblokk, sjekking av formattering av URLar, ein primitiv kalkulator, ein enkel visningsteljar, samt metodar for å sende ut massedistribusjon av e-post.

Vidare fann eg kapittelet om XML ganske lærerikt, sidan XML er har ein svært spesiell behandlingsmåte i PHP. Du må skrive din eigen XML-tolkar for å kunne lese XML-filer, noko som eg personlig finn svært tungvindt med PHP. Boka forklarar korleis ein gjer dette på ein svært god måte, og det skal vere mogleg for sjølv nybyrjarar å skrive skript som kan tolke enkle XML-filer.

Kapitlet om sending av e-post er og svært lærerikt, for sjølv om dei fleste som har programmert litt i PHP kan sende e-postar, veit svært få korleis ein sender e-postar med vedlegg. Dette vert og detaljert gjennomgått i boka, noko som er eit positivt trekk.

Grafikkapittelet er og relativt omfattande, og forklarar korleis du kan kople ein database saman med grafikkbehandling, for å lage teikningar frå ein database. Dette kan du og kombinere med såkalla image-maps i HTML, for å gjere det mogleg å lage biletlinkar som reagerer på ulike måtar etter kvar du trykkjer på dei.

Boka har ein lettfatteleg språkbruk, men det hjelper alltid å vere relativt stødig i engelsk. Det vert nytta ord og uttrykk i boka som nok er uvant frå den skuleengelsken som dei fleste av oss nordmenn sitt inne med, men det er ikkje eit hinder for å lese boka.

AnbefalesBoka er heilt klart meint for nybyrjarar i PHP og programmering generelt, og gjer ein svært god jobb på dette området. Boka er derimot ikkje like god som ein referansemanual for meir avanserte brukarar, t.d. personar som kan litt PHP, eller har programmert i andre språk tidlegare, grunna dei lange forklaringane av prinsipp som virkar svært enkle på dei meir avanserte. Det er ei god bok, med mange gode og lettfattelege dømer.

Karakter:

Norges beste mobilabonnement

Mai 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Chili Medium 5 GB


Jeg bruker mye data:

Chili Large 10 GB


Jeg er superbruker:

Chili X-Large 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen