Anmeldelse Anmeldelse: The Legend of Zelda: Skyward Sword (Wii)

Dette spelet er så bra at du får vondt i ryggen

Vår kjære helt er tilbake i sitt beste eventyr på lang tid.

Ei herleg og fargerik verd.
Ei herleg og fargerik verd.

[Gamer.no]: The Legend of Zelda: Skyward Sword er nydeleg. Mykje har blitt sagt om den målariske stilen som kan minne litt om impresjonismen, men det skal godt gjerast å mislike det ein ser når verda vaknar til live framfor deg. Eg har tidlegare tenkt at Wind Waker eigentleg var spelet som kunne kallast A Link to the Past i 3D, men no er eg usikker. Skyward Sword er uhorveleg fargerikt og karismatisk. Det bugnar over med liv, og spesielt den store skogen du reiser til tidleg i spelet har meir sjel i kvar vesle avkrok enn kva dei fleste andre spel har totalt sett.

Risikosport

Med Skyward Sword gjer Nintendo mykje nytt med Zelda, men alt dette er gjennom kontrollsystemet. Spelet i seg sjølv er uhyre tradisjonelt og byr på akkurat det du kan vente deg. Dette er det derimot vanskeleg å kritisere dei for. Når det kjem til Zelda-formelen er mangel på nyvinning meiningslaust. Serien har i 25 år handla om å by på dei beste gåtene i klassen med ein del lettfatteleg action som krydder. Så lenge dette fungerer har du alt du eigentleg treng av nyvinning, og her innfrir Skyward Sword med glans.

Stort og magisk

Sjølv om verdskartet ikkje er det største er definitivt spelet massivt. I staden for å fly mellom mange små område som byr på ei utfordring over kort tid reiser du no til eitt og eitt massivt område som gradvis utvidar seg og blir større. Der du i dei fleste Zelda-spel reiser frå ein Dungeon til den neste er det no nesten inga grense mellom kva som er kva. Du møter ei herleg utfordring kvar du enn måtte gå, og du merkar aldri noko spesifikt skilje.

Møt vår kjære fiende. Kul fyr.
Møt vår kjære fiende. Kul fyr.

Fører til verkande rygg

Spelets natur er ganske utspekulert. At du heile tida må bruke armane til å utføre alt frå eit skot med bogen til å sanke sommarfuglar med ein håv får deg til å automatisk lene deg framover. Samtidig får dei endelause utfordringane deg til å lene deg framover. Problemet nektar deg å sløve, og måten du løyser problema på nektar deg å sløve, og såleis endar vi opp med eit spel som meir enn noko anna spel i nyare historie har skjerpa sansane mine på alle punkt samtidig.

Din beste ven får deg dit du vil.
Din beste ven får deg dit du vil.

Det snodige er at eg aldri merkar når det skjer. Eg merkar det etterpå. Timane rullar utan kontroll og etter at eg etter gudane veit kor lang tid har løyst eit problem, innser eg at ryggen min verker litt frå ei heller unaturleg sitjestilling, og eg lenar meg tilbake med eit tilfreds sukk. Poenget er at der ein kanskje fryktar at rørslekontroll ikkje funkar i lange og nyanserte spel, endar realiteten opp med å teikne eit heilt anna bilete. Er spelet godt nok forsvinn du inn i verda og gløymer alt anna.

Konklusjon

Det spesielle med eit spel som Skyward Sword er at det som i det eine sekundet kan oppfattast som provokasjon over frustrerande speldesign i det neste er noko du innser var dine eigne manglande evner til å sjå kva som ligg rett framfor deg. Klart det finnest unntak med tvilsam design her og der, men desse få unntaka er som dråpar i havet å reikne når vi stiller dei opp mot alt det positive.

Redd Zelda! Død eller levande!
Redd Zelda! Død eller levande!

Det er ein del av reisa. Eit stort og variert eventyr som byr på det eine praktiske problemet etter det andre kan ikkje unngå å frustrere. Det kjem med territoriet. Eit problem er eit problem, og dei byr på mange negative kjensler heilt til dei blir erstatta av den massive gleda over å nett ha løyst eitt av verdas største problem. Du er kanskje ikkje alltid den skarpaste kniven i skuffa, men ein og annan gong er det lov til å tru det.

The Legend of Zelda: Skyward Sword høyrer heime i biblioteket til ein kvar spelentusiast. Det er eit slikt spel som vil fortelje deg kvifor du spelar. Du let deg velvillig utfordre, provosere og engasjere om kvarandre i eit spel som nektar å sleppe deg før du har sett alt det har å by på.

The Legend of Zelda: Skyward Sword kjem i sal 18. november, kun for Wii.

Dom Wii: 9/10 KLASSISK

Vil du vite meir?
Les heile anmeldelsen av The Legend of Zelda: Skyward Sword på Gamer.no.

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen