Anmeldelse: Rayman: Origins

Dette er årets vakraste spel

Fornøyeleg plattformspel for barn i alle aldrar.

[Gamer.no]: Det er vel ikkje så mykje anna å seie enn endeleg. Ikkje berre har Rayman dei siste åra blitt erstatta av stadig meir rabiate og irriterande kaninfjottar, men det er samtidig ikkje lenger vanleg at sideskrollande plattformeventyr blir stilt opp i butikkhyllene. Denne ein gong så dominante og populære sjangeren har svunne hen til å nesten bli ein kurositet berre Nintendo verkeleg kan sko seg på.

Rayman: Origins har trass sitt uhyre uoppfinnsame namn all rett til å få sole seg i nøyaktige den same glansen som Nintendo sine største plattformheltar. Ubisoft med Michel Ancel i spissen har skrudd saman eit herleg og fyldig plattformspel som er så hinsides lekkert at det er noko alvorleg gale med verda om dette ikkje blir starten på ein ny trend.

Denne karen blei altså skapt før Top Model blei eit begrep.
Denne karen blei altså skapt før Top Model blei eit begrep.

Kast tradisjonane!

Kor lenge er det sidan sist du såg eit handteikna spel som ikkje var frå eit lite og ukjent selskap som leverer underhaldning til spesielt interesserte gjennom digital nedlasting? Eit spel der alt var todimensjonalt og mana fram av dyktige illustratørar som ikkje måtte ty til polygonar og avanserte lyssystem for å vekke ei verd til live? Det er langt frå kvardagskost at eit sideskrollande og handteikna plattformspel blir dytta ut i butikkhyllene midt i det verste julerushet, men Ubisoft har all grunn til å ha stor tru på produktet sitt, for Rayman: Origins er eit herleg og variert plattformspel som rivaliserer det beste Nintendo har å kome med.

Men det var desse handteikna figurane. Om du aldri før har sett 2D-animasjon i 1080p er det berre å halde seg fast. Den første gongen du ser kva spelet har å by på reint estetisk er det lett å få hakeslepp. Det er så hinsides vakkert at ein kan gå seg vill i å utforske dei mange små detaljane som ligg gøymt i kulissane. Over nydelege og panorerte bakgrunnar spring karikerte og lattervekkande animerte figurar over skjermen og gjer alt det skikkelege plattformheltar skal gjere.

Litt venskapleg knuffing.
Litt venskapleg knuffing.

For å sørgje for at latteren sit laust kan du spele aleine eller saman med opp til tre andre spelarar på same skjerm. Spelet er stor moro uavhengig av om du er aleine eller sosial, men når to eller fleire absurde figurar spring over skjermen blir spelet noko heilt anna.

Du skjønar, i Rayman: Origins handlar det ikkje berre om å kome seg frå punkt A på venstre ende av skjermen, til punkt B på høgre ende av skjermen. Her skal det samlast inn lysande små skapningar, myntar og kister fulle av rosa electoons. Sjølv om ingen av spelarane teknisk sett vinn noko som helst på å samle mest, endar spelet naturleg opp med å skape ein beinhard konkurranse der ein prøvar å kome først fram, hoppe høgst, sabotere for den andre om det skulle passe seg, og ikkje minst denge kvarandre med ei flat handside som hadde fått Barney Stinson til å flykte i panikk.

Til og med R-Type har snike seg inn i Rayman: Origins.
Til og med R-Type har snike seg inn i Rayman: Origins.

Konklusjon

Rayman: Origins er er eit heilt glimrande spel som gjer så og seie alt riktig. Spelet demonstrerer med glans at det framleis kan tenkjast nytt og kreativt med ein av dei eldste sjangrane vi har. Vi reiser til mange herlege område som alle byr på sine unike og krevjande utfordringar. At opp til fire stykk kan gjere dette samtidig gjer i tillegg spelet til eit fantastisk spel for sosiale samlingar der latteren vil sitte ekstremt laust medan ein prøvar å samarbeide og spolere for kvarandre på ei og same tid.

Ein skal heller ikkje gløyme at dette spelet utan tvil er årets vakraste spel. Gløym Battlefield 3 med sine grå soldatar, grå byar, og grå røykskyer. Rayman: Origins byr på ei solid og forferdeleg nødvendig overdose med fargerik glede. Jula er i boks!

Rayman: Origins kjem i sal torsdag 24. november, for Xbox 360, PlayStation 3 og Wii.

Dom PS3/Wii/X360: 9/10 KLASSISK

Vil du vite meir?
Les heile anmeldelsen av Rayman: Origins på Gamer.no »

Les også: Rayman 3 kommer i HD-utgave

Norges beste mobilabonnement

August 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Chili Medium 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen