Anmeldelse Anmeldelse: Final Fantasy XIII-2 (PS3/X360)

Ei provoserande dårleg historie

Kan ein kul helt redde dette spelet?

[Gamer.no]: Spelselskapet Square Enix har eit problem. Dei likar sære historier, men av Final Fantasy XIII-2 å døme manglar dei nokon som kan skrive desse historiene på ein måte som gjev meining. Forgjengaren Final Fantasy XIII var ei historie om flukt. Som ei historie om flukt fungerte den svært godt. Alle personane kom tydeleg fram, og fekk nok skjermtid til å definere seg sjølv.

Dette preiket om å endre og redde framtida kjem du til å gå lei ganske kjapt.
Dette preiket om å endre og redde framtida kjem du til å gå lei ganske kjapt.

Tid for tidsreiser

Det naturlege steget etter ei slik historie er sjølvsagt ei historie om tidsreiser. Kvar denne ideen kom frå er ikkje godt å seie, men i Final Fantasy XIII-2 møter vi i alle fall Final Fantasy XIII sin minst interessante karakter, Serah, saman med ein nykomar som kjem flygande til jorda på ein komet. Den nye karen Noel er på mange måtar Serah si rake motsetning. Han er faktisk ein veldig gjennomført og likandes kar. Han har både sine positive og negative sider, og han blir brakt til live gjennom ein solid kombinasjon av god animasjon, godt skodespel, og for han sin del, eit godt skript.

Noel fungerer, og han er søyla historia i spelet held seg ståande på medan alt anna fell i råten og illeluktande fisk.

Sprøyt og tullball

Historia i Final Fantasy XIII-2 er reint søppel. Den er provoserande dårleg og den er det store punktet som på eitt og anna punkt har fått meg til å lure på om eg gidd ta del i dette tullet meir. Som sagt handlar den om tidsreiser. Heile tidslinja har fått seg ein knekk og vi må no reise fram og tilbake i tid for å fiske forskjellige paradoks som har oppstått som følgje av denne tidsklemma.

Vår helt er like oppteken av å vere ein helt som før.
Vår helt er like oppteken av å vere ein helt som før.

Likevel eit godt spel

Eg var litt uroleg for at dette skulle bli ei smørje av eit spel der utviklarar ute av takt med publikumet sitt skulle dytte inn alt dei nokon gong har hatt suksess med berre for å få ei stjerne i margen. Ikkje at det nødvendigvis spår dommedag, men slike scenario kan lett ende opp med å bli rotete, usamanhengande, og fulle av gode idear utan mål og meining.

Heldigvis har vi fått det motsette. Final Fantasy XIII-2 er eit spel som veit veldig godt at det er eit spel. Strengt tatt trivst det svært godt med å vere akkurat det, og i hyppige tempo dreg det fram det eine trikset etter det andre frå flosshatten.

Kunne av blitt det beste spelet

Square Enix viser kva dei kan. Dei viser kva dei er best på, og dei gjer det med stil. Diverre viser dei samtidig kva dei ikkje kan. Eller kva dei ikkje lenger kan, om vi skal vere litt pessimistiske. Historia i dette spelet er nesten provoserande, så dårleg er den. Den er kaotisk, usamanhengande, naiv og tåpeleg. Ingenting blir forklara, og alt blir akseptert utan å blunke. Når forteljinga omsider når det som kan kallast seriøst og godt forfattarskap er det så malplassert ved sidan av resten av spelet at ein blir litt perpleks.

Med ei herleg historie kunne dette blitt det beste Final Fantasy-spelet på lang, lang tid. I staden får vi ei utruleg vakker dame som har bada seg i herreparfyme og trur ho luktar godt.

Dom X360/PS3: 8/10 SVÆRT GODT

Vil du vite meir?
Les heile vurderinga av Final Fantasy XIII-2 på Gamer.no »

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen