Anmeldelse

Anmeldelse: Bastion (Xbox 360)

Ei unik perle med store ambisjonar.

Bastion er eit ekstremt vanskeleg spel. Ikkje utfordringsmessig, men forklaringsmessig. Å skildre den erfaringa det er å springe gjennom denne vakre og inspirerande verda er som å forklare kvifor du blir glad når sola skin. Det berre er slik, og ord blir litt fattige, men eg skal likevel gjere eit forsøk.

Det er ikkje alle spel som får dette til, men Bastion har den mest briljante og perfekte starten eg har vore borti på mange år. Du blir umiddelbart fengsla, og det er heilt utenkjeleg – og ikkje minst uaktuelt – å leggje spelet frå seg. Kvifor? Rucks, forteljarstemma som følgjer deg heile vegen gjennom dette stemningsfulle eventyret.

Du vaknar som så mange andre unge heltar i ei seng. Ei grov og bassfylt stemme gjer ikkje stort anna enn å konstatere dette unektelege faktum, men du verda som den stemma kilar sansane dine. Eit drygt sekund eller to seinare sit du berre og ventar på at noko skal skje, før du på impuls dytter analogstikka og får den vesle pjokken til å gå. Stemma er tilbake, den kommenterer no at du legg ut på ei reise, den skildrar scena, og den følgjer dine skritt. Du finn eit våpen, fortel stemma. Du tar litt av med å knuse ting, fortel stemma. Du merkar med eitt at stemma fortel deg kva du gjer, heile tida. Eit smil strekkjer seg frå øyre til øyre, og du let den suggerande musikken flørte med sansane dine.

Eit sant eventyr

Det er noko unikt og magisk over Bastion. Du får heile tida kjensla av at om du spelar litt til vil du sjå noko nytt, høyre nokre nye kloke ord frå forteljaren, møte ei heftig utfordring eller kanskje finne eit nytt våpen. Den fabelaktige musikken òg ei drivkraftig, der den blandar fleirfaldige stilartar og instrument frå mange kulturar, og skapar eit enormt behov for meir.

Du får aldri kjensla av å ta del i fyllmasse når du spelar Bastion, og det er tydeleg at det er ei meining med alt. Dette er noko som merkast godt på kvart nivå. Ingen av dei er spesielt lange, men regien er knallgod, og spelet maktar å kontinuerleg vise deg at alt du gjer fører fram. Meistringskjensla slepp aldri taket, og den toppar seg ved slutten av kvart nivå, når du får tak i ein ny stein, og kan restaurere enda ein bit av Bastion.

Desse bitane er i essensen forskjellige bygningar som blir nyttige på vegen. Vi finn eit arsenal der du kan byte våpen, eit destilleri som let deg utruste deg med forskjellige drinkar som gjev forskjellige bonusar, og fleire andre ting. Ein av dei mest interessante bygningane let deg slå på forskjellige idol som justere kor utfordrande spelet er om du skulle meine det heile er for lett.

Du kan gjere fiendar raskare, du kan la dei regenerere seg sjølv, eller dei kan gjere meir skade. Det er mange forskjellige måtar å auke utfordringa på, og dette har definitivt sitt å seie for kor artige kampane er. Desse blir derimot mest nyttige om du vel å starte spelet på ny etter at du er ferdig, då du kan starte med alle våpen og eigenskapar du slutta med på førre gjennomspeling.

Konklusjon

Bastion må spelast, ingen tvil om det. Det er eit sjarmerande og kreativt eventyr som grip om deg på uvanlege måtar. På den eine sida er det eit vakkert eventyr med ein nesten barnsleg grafisk stil. Det er leikent og uskuldig, men byr på mykje meir enn som så. Under blomar og fagre fargar ligg eit intenst og fascinerande spel med ei historie som er mørkare enn ein kanskje skulle tru.

Spelet fangar deg ikkje minst takka vere den eksepsjonelt gjennomførte forteljarstemma som på sett og vis introduserer ein ny måte å formidle ei historie på. Det er godt mogleg andre har prøvd liknande ting før – sjølv om eg ikkje kjem på noko i farta – men du kan vere trygg på at ingen har prestert å gjennomføre det så godt som Supergiant Games. Det som blir sagt, når det blir sagt, korleis det blir sagt, og ikkje minst kven som seier det er alle element som byggjer opp ei heilt unik stemning du ikkje vil gløyme.

Spelet handlar likevel om mykje meir enn berre dette. Bastion er eit herleg actioneventyr som underheld stort dei fem eller seks timane det tek å kome gjennom det. Fiendane kunne godt ha bydd på ei betre og meir krevjande utfordring, men det artige kampsystemet gjer stort sett opp for den mangelen.

Karakter: 8/10 (Svært godt)

Les hele anmeldelsen av Bastion til Xbox 360 på Gamer.no

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen