Anmeldelse Anmeldelse: WipEout 2048 (Vita)

Fartsbaronen over alle er tilbake

Dette spillet er sjef.

Ein kan lett tru WipEout-serien moglegvis snart bør pensjonerast. Sånn innleiingsvis er WipEout 2048 kanskje hakket for enkelt. Har du ikkje spelt serien på ei stund vil du sikkert kunne slite litt på ei og anna bane, og her og der vil dragsuget møte sin ende i kald og rimeleg hard betong, men du kjem deg raskt over kneika. Det skal ikkje mykje meir til enn ein kjapp omstart før du har oppnådd den pallplassen du så gjerne ville ha.

Grunnen til at dette vekkje litt negative kjensler i ein halvgammal skrott er ganske enkel. WipEout har – i alle fall etter mitt syn – aldri vore ein enkel serie. Den krev noko av deg. Kjenner du ikkje til dei to orda disiplin og tolmod vil du ikkje kome langt. Dette har alltid vore ein sport for dei som er villige til å gi før dei får tilbake.

Vår nære framtid.
Vår nære framtid.

Mjuk start

Ikkje no lenger! Som med WipEout-spel flest stig du etter kvart i graden, og gjennom tre sesongar får du lov til å ta del i den stadig stigande intensisteten. Det går frå heftige race i høgt tempo der det stort sett held å lette litt på gasspedalen for å kome seg gjennom ein sving, heilt til du i dei seinare sesongane møter brutale utfordringar i eit avsindig tempo der du helst bør halde gassen i bånn heile tida med du brukar luftbremser og tønnerulling (herleg ord ikkje sant?) for å kome fort fram og igjennom.

Omlag like raskt som ein undrar seg på om spelet har blitt tona ned for å appellere til eit kjipt publikum utan sans for utfordring, innser ein at kurva berre har blitt litt slakkare. Spelet byr på ei fornuftig utfordring som stig i takt med dine eigne ferdigheiter, og du skal ikkje sitje der i mange timane før du knugar Vitaen lik ein viking sikkert knuga handa til sin kjære før han la ut på eit tokt han var rimeleg sikker på han ikkje ville kome levande heim frå.

Når alt klaffar er det litt som å gå inn i ei transe der lys, farge og intens og suggerande elektronisk musikk dundrar gjennom øyra. Du har ikkje råd til å vere distrahert om du skal kome deg nokon stad i dei seinare sesongane.

Vita er ei glimrande plattform for kjapp racing.
Vita er ei glimrande plattform for kjapp racing.

Skiten start

I motsetning til det herleg futuristiske WipEout HD på PlayStation 3 er WipEout 2048 ei ganske brun affære. Borte er dei ekstremt stilreine neonfargane, og tilbake sit vi med noko som best kan skildrast som nær framtid. Skyskraparar og meir eller mindre ordinær arkitektur stikk opp rundt deg, og dei einaste som verkeleg avslører at dette er eit WipEout-spel er dei lysande skilta som dukkar opp for å vise veg, samt dei flygande skipa sjølvsagt.

Som vanleg byr spelet på fleire forskjellige typar løp. Det startar naturlegvis med vanlege race der det berre handlar om å kome så høgt på pallen som mogleg medan du gjer ditt beste for å øydeleggje for motstandarane undervegs. Combat handlar om å mose så mange motstandarar som mogleg, medan Zone Events og Time Trials berre handlar om å køyre ufyseleg raskt. Samtidig er det veldig viktig å vere obs på at du heile tida låser opp nye skip. Forskjellige skip er gode på forskjellige område, og om du tek i bruk feil skip går det stort sett veldig dårleg.

Solid fleirspelar

Fleirspelarmodusen i WipEout 2048 skil seg litt frå einspelarmodusen ved at den handlar om å nå mål i staden for å toppe pallen på diverse baner. Før kvart løp får du sjå hovudmål og sekundære mål, og ved å nå desse stig du i gradene. Å faktisk vinne løpet blir for det meste ei separat greie. Konkurransen kan bli rimeleg intens, og det er gjerne ikkje før ein tar steget på nett at ein innser at ein slettes ikkje er ein spesielt dyktig pilot.

Å finne eit spel er ei enkel og grei affære, og spelet vil automatisk kaste deg inn i ei pulje med venene dine om nokon skulle vere pålogga. Dette kan vere lettare enn ein skulle tru, for i WipEout 2048 kan du spele mot folk på PlayStation 3 så lenge dei har WipEout HD med Fury-oppdateringa.

Alle banene er herleg varierte.
Alle banene er herleg varierte.

Konklusjon

Du får akkurat det du vil ha i WipEout 2048. Verken meir eller mindre. Kjenner du serien godt, eller om du berre har vore i kontakt med den i si lange fartstid vil du umiddelbart kjenne deg igjen. Dette er både positivt og negativt. Det er positivt sidan det er uhyre lett å forstå, sjølv om det utover i spelet blir beinhardt å meistre. Fullt så positivt er det ikkje at utviklinga ser ut til å ha stogga fullstendig opp. Der vi ser konstante justeringar og mindre endringar for å gjere andre seriar med lang fartstid enda betre, har det nesten ikkje skjedd noko her.

Spelet byr likevel på solid racing i vanvittige tempo og ingen mangel på originalitet kan legge skjul på det. Å sakte, men sikkert klatre seg oppover i både rangstige og rein kompetanse er eit saftig adrenalinkick, og slikt går aldri av moten.

7/10: Godt

Vil du vite mer?
Les hele anmeldelsen av WipEout 2048 på Gamer.no

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen