Anmeldelse Anmeldelse: Uncharted: Golden Abyss (Vita)

Dette spelet skal vise kva PlayStation Vita duger til

Nathan Drake er allereie tilbake, men i nytt format.

[Gamer.no]: Her har vi altså den store manndomsprøva. Uncharted på PS Vita. Spelet som skal vise alle og einkvar kva dette portable vidunderet verkeleg kan. Så viktig var det for Sony å få eit Uncharted på PS Vita, at når Naughty Dog ikkje kunne eller ville, hyra dei inn Bend Studio som tidlegare har laga PSP-varianten av Resistance, samt nokre Syphon Filter-spel.

Nathan Drake med sine nye, livlause auge.
Nathan Drake med sine nye, livlause auge.

Slike situasjonar er artige. Det er når slikt skjer at ein verkeleg ser om eit utviklarteam har skapt noko heilt spesielt. Er Naughty Dog ein gjeng med gudar forkledde som nerdar, eller kan kven som helst lage gull så lenge Nathan Drake er involvert?

Gamle jaktmarker

I Golden Abyss gjer Nathan Drake akkurat det han gjer best. Han reiser til jungelen og held seg stort sett der. Som vanleg er det gamle skattar som skal finnast, og eg klarar ikkje gje eit referat sidan dei lange monologane om kva som er kva, og kvar det ligg er så tungt skrivne at eg fell av lasset kvar gong. Ikkje at historia er dårleg på nokon måte, men når Nathan snakkar om ein gammal organisasjon som gjorde eitt eller anna langt inne i langtvekkistan medan musikken byggjer seg opp som for å fortelje deg at dette er saker altså, då må eg innrømme at tankane byrja å svirre til den lite engasjerande monologen er over. Det er ikkje det at kjeldetemaet er uinteressant, langt derifrå, det blir berre ikkje fortalt på ein god måte.

Nathan sin nye leikekamerat.
Nathan sin nye leikekamerat.

Humor i jungelen

Uncharted: Golden Abyss er på alle måtar eit verdig ledd i Uncharted-serien. Spelet byr på akkurat det ein ventar seg, gjennom klatring, skyting og skattejakter gjennom tjukke junglar og mørke grotter. Spelet er på sitt beste når nivådesignet og historieforteljinga samarbeider om å underhalde. Humoren er like skarp som vanleg, og Nolan North gjer som alltid ei glitrande rolle. Om dei mange herlege kommentarane som kjem gjennom spelet er planlagde eller er improviserte vitast ikkje, men dei fell definitivt på solid grunn.

Skytinga på si sida ber preg av mange gode idear som aldri blir godt nok brukte. Å bruke gyroskopet til å sikte er eit veldig smart val, men det blir lett kasta bort på svær generiske og oppfinnsame møte med fiendane. Nesten kvar gong du møter fienden er det som ein miniversjon av tårnforsvar, og sjølv om det tidvis blir veldig artig, blir òg det litt for mykje av det same i lengda.

Uncharted: Golden Abyss kommer i salg 22. februar, samtidig med PlayStation Vita.

Dom PlayStation Vita: 7/10 GODT

Vil du vite meir?
Les heile saka om Uncharted: Golden Abyss på Gamer.no »

Kommentarer (0)

Norges beste mobilabonnement

Mars 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio FriBruk 5GB+EU


Jeg bruker mye data:

Komplett MaxiFlex 10GB


Jeg er superbruker:

Komplett MegaFlex 30GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen