Anmeldelse Anmeldelse: SSX (PS3)

Gyv laus på dødsbakken

Er du klar for å overleve frost, snøskred og livsfarlege hopp?

[Gamer.no]: Det går unna. Når du glir nedover fjellsida til tonane av Skrillex – med panikkangst for å gjere den minste feil – er det lett å ta opp igjen gamle fakter. Ein gammal skrott har etter kvart slutta å lene seg frå side til side. Han biter tenna saman, og rykker nervøst og anspent med kontrollaren i eit fåfengt forsøk på å få ting til å gå betre. Så innser han at dette er forferdeleg moro. EA har på mange måtar skote gullfuglen med denne serien, og med det nye SSX-spelet slår dei på dramatisk vis fast at når det kjem til nivådesign er dei overlegne.

Spenstige hopp.
Spenstige hopp.

Spinnvill triksing

Eg har eit ganske ambivalent forhold til dette ferske SSX-spelet. Det har gjeve meg nokre av dei beste opplevingane eg har hatt på fleire år. Nivådesignet er tidvis noko av det beste eg har sett, og dei forskjellige fjellsidene er krydra med så mykje potensiale for spinnvill triksing eller livsfarleg råkøyring at ein kan bli ør av tanken. Så lenge du held deg til desse områda, og aldri forlet dei, kan SSX vere årets desidert beste spel.

SSX er ikkje det same utan alles favoritt nummer ein: Moby.
SSX er ikkje det same utan alles favoritt nummer ein: Moby.

Frustrerande dødsbakkar

Men det er altså berre om du held deg der moroa er å finne. «Deadly Descents» er eit godt påfunn med nokre briljante utfordringar, men heile opplegget er samtidig så fullt av frustrerande provokasjon at ein får lyst til å delje kontrollaren i veggen, utan å prøve om att.

Det er ganske synd at slike unødige distraksjonar skal infisere eit elles spektakulært festleg spel. Om utviklarane hadde stramma litt inn på dei kreative krumspringa sine, og kanskje pusta hakket meir galskap inn i karakterdesignet skal ein ikkje sjå bort frå at dette kunne ha blitt det beste SSX-spelet gjennom tidene.

SSX er i sal for Xbox 360 og PlayStation 3 (testa)

Dom PS3: 8/10 SVÆRT GODT

Vil du vite mer?
Les heile vurderinga av SSX på Gamer.no »

Norges beste mobilabonnement

August 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Chili Medium 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen