Anmeldelse Anmeldelse: Escape Plan (Vita)

Splatt, jazz og prompehumor

Bolla og Stilken gjer det dei kan får å unngå ein fuktig død.

[Gamer.no]: Ved sidan av storslegne og påkosta spel som Uncharted: Golden Abyss og WipEout 2048 kjem det ein del mindre og snodigare spel no i lanseringstida til PS Vita. Som for å demonstrere at Vita – som poteta – kan brukast til alt, får vi eit knippe eksperimentelle spel som ikkje nødvendigvis er dristige i konsept, men som like fullt er fascinerande.

Escape Plan er eit av desse. I dette vesle spelet følgjer vi Lil og Laarg som må kome seg ut av eit fengsel der ein slem slemming held dei fanga. Dette gjer du i det som på ein måte blir ei litt snål krysning av Limbo, Lemmings og Ghost Trick.

Stille før stormen kallar vi slikt.
Stille før stormen kallar vi slikt.

Ein grå kvardag

Umiddelbart vil du kanskje tenkje at dette liknar frykteleg mykje på Limbo, plattformperla frå danske Play Dead. Du kan nok ha litt rett i det. Som Limbo er Escape Plan utelukkande presentert i gråtonar, og det til stor effekt. Dette er derimot den einaste visuelle trekka dei to spela har til felles. Der Limbo var eit stemningsfullt skuggespel som spelte på fantasiar og barndomsskrekk, er Escape Plan eit mykje meir lattermildt spel som heller går for ein estetikk inspirert av tida før TV-skjermane kunne vise fargar.

Dette blir spegla på mange måtar. Det er som å sjå inn i ein TV-boks der små leirefigurar flyttar seg sakte over skjermen. Lettsindig jazzmusikk held humøret oppe, og om du gjer noko bra eller artig – som å få Lil eller Laargh til å prompe eller fise – kjem det latter og applaus ut frå tynne høgtalarar. Skulle du derimot drite lett på draget kjem det sukk og stønn.

Konseptet med denne presentasjonen er lett å forstå, men samtidig er det litt vanskeleg å definere kven målgruppa eigentleg er. For min del blir denne type humor alt for platt og opplagt. Difor tenkjer eg at spelet er retta mot ein mykje yngre garde. Samtidig er spelet fullt av stilisert blod og gørr, og ein del subtile hint som ikkje nødvendigvis dei minste heilt vil forstå eller setje pris på. Såleis fell Escape Plan mellom to stoler, med mindre du ler deg skakk kvar gong nokon slepp ein fjert.

Korleis kom du dit?

Escape Plan er eit av dei i framtida sannsynlegvis mange Vita-spela som ikkje brukar knappane til noko som helst. Dei einaste fysiske kontrollane som blir brukt er analogstikkene som er der slik at du kan panorere og zoome inn og ut for betre oversikt. Dette er ein god ting, for i Escape Plan må du bryne deg på diverse rom som har ei eller fleire problemstillingar, og for å fullt ut kunne takle desse er det greitt å vite kva du har i vente.

Og stille etter stormen kallar vi slikt.
Og stille etter stormen kallar vi slikt.

Desse problema kan vere alt frå å kome seg over eit juv der ein propell ventar på å lage lapskaus av deg, til å kome deg gjennom eit rom fylt med gass. Felles for så og seie alle situasjonar er at det stort sett er frykteleg lite som skal til for å kome seg ut. Skal du over propellen må du berre få nokre plattformer til å skyte ut frå veggen, og alt som skal til for å få dette til er å slå dei ut ved å trykkje på baksida av Vita. Så banalt er det, og så banalt held det stort sett fram.

No og då oppgraderast utfordringa litt ved at du må kombinere fleire forskjellige taktikkar. Kanskje må du slå ut nokre plattformer samtidig som du slår inn andre ved å trykkje på skjermen. Når desse plattformene i tillegg berre held seg på plass i nokre sekund før dei går tilbake, har du ikkje alltid så frykteleg god tid på deg til å kome deg frå den eine enden av skjermen til den andre.

Som ein naturleg konsekvens av dette kjem døden i alle sine herlege former, og som i Escape Plan strengt tatt kan oppsummerast med eitt ord: «Splat». For det er slik du døyr i Escape Plan. Du blir plastra utover golv, veggar og tak. Som ein ballong fylt med måling blir du redusert til ingenting på rekordtid. Her finn du ikkje mykje av dei kreative dødsformene frå Limbo, noko som er ganske trist sidan dette er eit spel som absolutt kunne ha lånt seg til slike grafiske skildringar av død.

Konklusjon

Escape Plan er eit artig lite spel, med eit like artig konsept. Diverre er det ikkje så artig at du ikkje merkar den temmeleg store mangelen på inspirasjon bak dei mange utfordringane du endar opp med å stå ovanfor. Som eit enkelt puzzlespel der alt handlar om å bryne seg på ei lite tankenøtt etter den andre, endar spelet raskt opp med må gå på tomgang. Kjensla av å gjere dei same ting heile tida gjer seg kjapt gjeldande, og då hjelper det ikkje mykje at spelet har eit veldig sjarmerande ytre.

Presentasjonen er herleg. Med stemningsfulle gråtonar, og eit muntert lydspor stort sett basert på jazz, kan eg lett leve med den til dels infantile prompehumoren dei fleste vitsane baserer seg på.

Trass mangelen på variasjon i dei forskjellige utfordringane fungerer det heile godt som kortvarig tidtrøyte når du ikkje har noko anna å gjere. Om du skal vente på en buss, eit TV-program, eller kanskje eit spel som lastar ned i bakgrunnen er Escape Plan eit glimrande tidsfordriv. For lengre økter forsvinn engasjementet raskt.

6/10: Nokså godt

Den fulle anmeldelsen finner du på Gamer.no

Kommentarer (0)

Norges beste mobilabonnement

Mars 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio FriBruk 5GB+EU


Jeg bruker mye data:

Komplett MaxiFlex 10GB


Jeg er superbruker:

Komplett MegaFlex 30GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen