Anmeldelse: Alan Wake's American Nightmare (X360)

Eit intenst uhyggeleg spel

Vår kjære forfattarven lyser seg veg inn i eit nytt mareritt.

[Gamer.no]: Nær to år har passert sidan Remedy slapp laus sitt lenge etterlengta beist Alan Wake. Denne mørke perla sende tankar og nakkehår i retning Twin Peaks, samt resten av David Lynch sin lettare forstyrrande katalog, noko vi sette svært stor pris på. Det var eit spel som makta å krysse det intense ubehaget frå Silent Hill- og Resident Evil-spela med solid og gjennomført action, i tillegg til ei historie som faktisk var verdt å følgje med på.

Eg skal kløyve deg i to, var det ei vis hyene som ein gong sa.
Eg skal kløyve deg i to, var det ei vis hyene som ein gong sa.

Mykje kan endre seg på to år, og det har definitivt Alan Wake. Dei mørke skogane er borte, og er no erstatta av eit raudt ørkenlandskap ein stad i det sørlege USA. Frå å vandre gjennom store område, går du no rundt i konsentrerte soner der du har ein veldig klar agenda. Formatet har òg fått seg ei endring. Der det første spelet bydde på ei forteljing som gjekk i ei retning, har Alan Wake no enda opp med å bli hovudpersonen i det Twilight Zone-inspirerte TV-programmet Night Springs, som han sjølvsagt er forfattaren av.

Ut av dette kjem ei alvorleg tidsklemme der Mr. Scratch, alter egoet til Alan Wake, set alvorlege kjeppar i hjula for Alan ved å sende han tilbake til start kvar gong han trur han har nådd slutten på marerittet.

Ein verdig oppfølgar

Sjølvsagt møter vi ein edderkopp eller to.
Sjølvsagt møter vi ein edderkopp eller to.

Alan Wake's American Nightmare er ikkje berre ein verdig oppfølgjar til Alan Wake, det er samtidig eit spel som utforskar nye idear i universet forgjengaren bygde opp. Det blir raskt tydeleg at dette er ei verd, ein hovudperson, og ein tematikk som kan brukast til ganske mykje forskjellig, og med American Nightmare viser Remedy at dei et vel i stand til å gjere akkurat det.

Dette er ikkje eit spesielt langt eventyr, men det er engasjerande, gjennomført, og held deg gåande utan å halde handa di frå ein stad til ein annan. Du blir fora diverse spor heile tida, og blir lokka inn i ei forførande verd av mange små, enkeltståande element du kan ta del i så mykje eller så lite som du berre vil.

Treng du noko litt meir sofistikert å drepe enn zombier, er Alan Wake's American Nightmare eit glimrande spel for seine kveldar.

Dom X360: 8/10 SVÆRT GODT

Vil du vite meir?
Les heile anmeldelsen av Alan Wake's American Nightmare på Gamer.no »

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen