Alpha-versjon av Firefox 1.1

Versjonen som vart lagt ut på Mozillas nettsider tidlegare i dag, er ein alpha-versjon av Mozilla Firefox 1.1, som har fått kodenamnet Deer Park. Versjonen er berekna på webutviklarar og testarar, og bør ikkje takast i bruk som din daglige nettlesar.

Likevel kan mange finne morsomme ting i denne alpha-versjonen, blant anna ein saneringsfunksjon, som fjerner alt av surfehistorie, småkaker, cache, lagra form-informasjon og annen personlig data. Saneringsfunksjonen kan programmerast til å verte utført når du trykkjer på ein hurtigtast.

Men dei fleste endringane i Firefox 1.1 kjem til å vere svært vanskelege å få auge på. Når du ser på eit bilete, vil det visast ein minityrversjon av biletet på den aktive fana. Ein annan kjekk funksjon er hurtigare "fram" og "attende"-knappar, slik at det skal verte raskare å bla gjennom sin eigen surfehistorie. Funksjonen er slått av som standard i Deer Park, og må slåast på manuelt, ved å endre ei innstilling. I adresselinja skriv du inn about:config, og blar deg fram til browser.sessionhistory.max_viewers. Denne må du så endre til eit tal ulikt null.

Om du har lyst til å teste den nye alpha-versjonen, så finn du den på Mozillas nettsider. Programmer.no gjer oppmerksam på at sidan dette er ein test-versjon, bør den ikkje takast i bruk som din daglege nettlesar.

Kommentarer (6)

Norges beste mobilabonnement

Mars 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio FriBruk 5GB+EU


Jeg bruker mye data:

Komplett MaxiFlex 10GB


Jeg er superbruker:

Komplett MegaFlex 30GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen