— Spill er for dyre

— Spel er for dyre

Bethesda-regissør langar ut mot høge prisar.

Synest du det er mykje å betale 600 kroner for eit nytt spel? Du er ikkje aleine. Til og med dei som jobbar i industrien og sel desse spela kan no og då vere einig med deg. Skyrim-regissør Todd Howard frå Bethesda synest til dømes at spelindustrien kunne hatt godt av å fire litt på krava sine.

– Eg har lenge tenkt at spel er for dyre. Med tanke på kva du får frå oss puttar eg derimot ikkje oss i den kategorien, fortel han i følgje Destructoid til det britiske magasinet PSM3 før han held fram:

Er 600 kroner ein grei pris for eit massivt spel?
Er 600 kroner ein grei pris for eit massivt spel?

– Eg trur dei gode nyhenda er at i nokre marknader som PC, iPhone og mobilspel kan vi sjå lågare prisar. Eg trur likevel at vi generelt kan tene på at fleire spel kostar 19 eller 29 dollar når dei kjem ut. Eg ville prøvd fleire spel, for eg kjem ikkje til å prøve eit spel til 60 dollar. Det er vanskeleg å bestemme seg, og det er difor folk les testar. Det handlar ikkje berre om pengar, det handlar om tid òg. Å kjøpe spel er ikkje det same som å sjå ein film.

Spel er definitivt dyre, og dei kunne nok hatt godt av lågare prisar. Det er ein stor forskjell på eit stort og omfattande spel, og eit mindre spel som berre varer i nokre få timar. Budsjetta varierer enormt, og det kunne nok ha vore ein idé å setje prisar som står litt meir i stil med utgiftene no og då.

Samtidig må nokon vere førstemann ut døra, og det er ikkje nok med tomt snakk. Eit spel som til dømes har tent på å koste litt mindre er Deadly Premonition, ein sær thriller frå Japan som gjennom sitt absurde og fascinerande univers nådde kultstatus på kort tid.

Kva trur du? Er spel for dyre, og vil dei selje meir om dei kostar mindre?

Sjekk vår Spelkalender for sleppdatoar. Her får du full oversikt over når dine favorittspel kjem!

Norges beste mobilabonnement

August 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Chili Medium 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen