- Vær obs på denne mobilen

[Firdaposten]: Det fekk Bente Espeseth i Havreneset erfare. Xperia- telefonen tvangsfakturerte nemleg borna hennar for automatiske leveringsmeldingar for SMS, utan at dei visste om det. Og meldingane er langt frå gratis.

 

Fakturert for fleire tusen

– Eg synest det var litt rart; frå juni og fram til sonen min mista mobiltelefonen nokre månader seinare, hadde han betalt 1400 kroner berre på såkalla «diverse forbruk», seier Bente Espeseth og legg til:

– Først trudde eg at han kanskje surfa på nettet og sende mange SMS-ar, som ungdommar flest, seier Bente Espeseth.

Men det var det ikkje.

Då ho skulle bestille ny telefon, sjekka beteninga på butikken med Telenor kva som låg i omgrepet «diverse forbruk». Ekspeditøren kunne fortelje at dette var leveringsmeldingar som telefonen tingar automatisk etter at du har sendt ein SMS, og som bekreftar at meldinga din er levert.

Han kunne også fortelje at det var ein feil ved alle Xperia-telefonar som gjorde at denne innstillinga stod på automatisk.

For som med alle Sony Ericsson sine Android-telefonar kjem telefonane frå fabrikken med denne tenesta aktivert. Den må slåast av manuelt. Og å finne fram til den rette menyen er ikkje berre-berre.

Og som ikkje det var nok, hadde dottera hennar også ein Xperia. På den siste rekninga åleine hadde telefonen bede om leveringsmeldingar verdt 300 kroner. I alt vart borna hennar fakturert med fleire tusen kroner i leveringsmeldingar.

– Rein svindel

– Dette er jo rein svindel. Då eg kjøpte telefonen og abonnementet vart eg ikkje informert om dette. Kvifor ikkje? Det er jo underleg at den spesifiserte rekninga er ganske så detaljert; med tidspunkt, samtalelengd, kroner og øre – med unntak av denne inkjeseiande «diverse forbruk»-posten, seier Espeseth og legg til:

– Har det blitt slik at vi må sjekke alle punkta i rekningane, for ikkje å bli lurt? Det er ufatteleg skremmande, difor vil eg at alle foreldre bør vite om dette. I dag er det nok mange som ikkje veit om ordninga.?Så sjekk at alt er i orden på rekninga, og er det noko du lurer på så nøl ikkje med å kontakte leverandøren, seier ho.

Det kan lønne seg. Bente Espeseth fekk betalt attende heile beløpet, då ho tok kontakt med Telenor og OneCall.

- Fjerna på nye modellar

Sony Ericsson har fjerna den automatiske leveringstenesta på dei nye Xperia-modellane. Det seier pressetalsmann Erik Sandsmark i Sony Ericsson Norge.

– Norge er det einaste landet i Norden der nettoperatørane tek betalt for leveringsmeldingane. I alle andre land er denne tenesta gratis, seier han.

Og difor har leveringsmeldingane vore slått på når mobilen kjem frå fabrikken.

Sals- og marknadsdirektør Thomas Sandaker i OneCall stadfestar at kundar som klager på leveringsmeldingane, får pengane attende.

– Men det ville vere håplaust om vi skulle varsle alle telefonane på marknaden om dette. Etter at vi fann ut av problemstillinga, har vi derimot passa på å varsle på våre nettsider, seier han og viser til at denne informasjonen vil bli gjeven alle som tingar Xperia-telefon i nettbutikken og i «ofte stilte spørsmål»-sida (FAQ).

– Vi prøver å opplyse om det på nettet, men erkjenner at det er dei færraste som sjekkar opplysningane på nettsidene våre, seier Sandaker.

Det var vanskeleg å finne dette varselet, men Firdaposten fann det til slutt, etter mykje leiting.

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen