Guide

XML-guide; ein introduksjon

"XML er eit språk for å beskrive data, og å fokusere på kva data er. HTML er eit språk for å vise data, og å fokusere på korleis data ser ut." Dette kan me lese på w3schools.org, som er ein svært god kjelde når ein skal kome i gang med XML.

Kort fortalt, XML er eit språk for lagring av data. Det finns ingen vanlege taggar slik som i HTML, men ein må definere sine eigne taggar. Dette gjer ein ved hjelp av ein dokumenttypedefinisjon (DTD), eller eit XML skjema. XML gjer heller ingenting, det er der berre for å lagre data. Ein må skrive program for å hente ut og lagre informasjonen i XML-dokument, og XML er etterkvart vorte ein god måte å lagre data på ein kompatibel måte, slik at andre program kan få tilgang til dei dataene som ein lagrar.

Dei fleste programmeringsspråk har no støtte for XML, med eigne klassar for å ta seg av parsing av XML-filer, dette inkluderer kjende språk som <a href="http://www.php.net/manual/en/ref.xml.php">PHP</a> og Delphi. I denne guiden skal me ikkje ta for oss korleis ein nyttar XML i dei ulike programmingsspråka, men korleis ein lager gode XML-dokument. Eg tek det for gitt at du har litt erfaring frå HTML, eller andre SGML-språk.

Struktur og syntaks

<?xml version="1.0" encoding="ISO-8859-1"?>
<notat>
  <til>Vegard</til>
  <fra>Sverre</fra>
  <emne>XML-guide</emne>
  <tekst>Hadde du giddet å skrive en guide til XML?</tekst>
</notat>

Det er lett å lese ut ifrå dokumentet (trykk her for å la din browser formattere dokumentet) at dette er eit notat fra Sverre til Vegard, og inneheld eit emne og ei tekst. Dokumentet gjer likevel ingenting, men om ein lagrer dette som ei .xml-fil og viser det i IE (Opera har ikkje støtte for å vise XML-dokument grafisk), vil ein sjå korleis strukturen på eit XML-dokument er. Sidan ein definerer kva taggar ein skal nytta sjølv, er det lett å lese enkle XML-dokument sjølv.

Når det gjeld språkbruk, kallar me heile notatet (frå opning av &lt;notat&gt; til lukking med &lt;/notat&gt;) ein rotnode. Heile til-feltet er ein node, det same er fra-feltet, emne-feltet og tekst-feltet. Ein node kan ha undernodar, i dømet er til, fra, emne og tekst undernodar av notat. På same måte nyttar me omgrepet foreldre om noden som er eit hakk høgare opp i systemet, og born om ein node som er eit hakk lågare. Notat er foreldren til emne-feltet. Til, fra, emne og tekst er born av notat. Ein annan vanleg notasjon på nodar er element. Me har eit rotelement, underelement, osv.. Eit element kan innehalde ulike ting; t.d. tekst, underelement eller begge delar.

Viktig er det og at alle XML-taggar må lukkast, noko som er ulikt frå enkelte HTML-taggar. Dette er viktg; alle XML-taggar må lukkast. Unntaket er XML-deklarasjonen øverst, sidan dette ikkje er ein XML-tagg. Vidare er det viktig at taggane vert skrivne likt heile tida, det er forskjell på store og små bokstavar.

XML-taggar kan og hierarkistruktur, du kan underordne ein eller fleire verdiar under ein annan, slik som i dømet under. Rekkjefølgja på opning og lukking av taggar er svært viktig i dette dømet, dersom ein ikkje hadde lukka barnebarn1 før ein opna barnebarn2, ville barnebarn2 vore eit barn av barnebarn1. Eit element kan berre ha ein foreldrenode, men mange undernodar.

<?xml version="1.0" encoding="ISO-8859-1"?>
<rot>
  <barn>
    <barnebarn1>......</barnebarn1>
    <barnebarn2>......</barnebarn2>
  </barn>
</rot>

Dersom me ønskja å ha ein tom node, kan me opna og lukka noden i berre ein tagg, <min_tagg />. Sjølv ein tom node kan ha attributtar, som me no skal komma inn på. Det viktige er at ein lukkar noden med ein skråstrek på slutten.

Norges beste mobilabonnement

Desember 2016

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Telia Smart Total


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen