Anmeldelse Viking: Battle for Asgard (PC/PS3)

Vikingane kjem!

...men det tok fire år før Battle for Asgard nådde fram til PC.

[Gamer.no]: Det er ikkje ofte eit spel med berre måteleg suksess dukkar opp igjen fire år seinare. Det er likevel det som no har skjedd med Viking: Battle for Asgard. Dette til dels brutale vikingspelet frå 2008 fekk aldri ein PC-versjon, og dansa i staden dødsdansen på PlayStation 3 og Xbox 360. Det har no endra på seg. I eit ganske uventa grep har Sega og the Creative Assembly pussa opp vikingspelet og gjort det klart for nye giv.

Det store spørsmålet er sjølvsagt om spelet har stått seg bra dei siste åra, eller om det heller kunne ha funne seg ein permanent heim i gløymeboka.

Meir blod!

Skarin, ute etter blod.
Skarin, ute etter blod.

Viking: Battle for Asgard er på mange måtar eit heilt ordinært actionspel. Vi møter Skarin, ein over snittet velbygd, ung mann som er ute etter blod. Dødsgudinna Hel har fått det føre seg at verda skal leggjast i mørke, og då er det på sin plass at ein lyslugga muskelbunt tek opp kampen. Det utartar seg som du kan vente deg. Skarin spring med tunge steg over ei stor og opa verd, medan han plukkar opp skattar og drep fiendar.

Kampane er rå og brutale. Det er tyngde i kvart slag, og det er liten tvil om at det er akkurat dette som er spelets sterkaste side. Sjølv om tyngda er solid, er det samtidig eit godt tempo over kampane. I ettertid er det lett å dra kjensel på korleis det heile er bygd opp. Samtidig er det litt artig å sjå korleis The Creative Assembly var litt før si tid med eit kampsystem som har svært mykje til felles med dei intense slagsmåla i Batman: Arkham Asylum.

Eit underhaldande spel

Storeslem med tannråte.
Storeslem med tannråte.

Viking: Battle for Asgard er framleis er eit svært underhaldande spel. Det blir litt langsamt og stilleståande grunna repetisjon, men det er likevel vanskeleg å på nokon måte bli lei. Det er noko nesten romantisk over å springe rundt i den mørke villmarka medan du gjer ditt beste for å likvidere Hel sine undersåttar.

PC-versjonen har fått seg nokre velsmakande grafiske oppgraderingar, sjølv om det ikkje er den heilt store forskjellen frå originalversjonane. Det er likevel svært skuffande at utviklarane ikkje har fiksa dei irriterande lyproblema som òg plaga spelet på konsoll for fire år sidan.

Viking: Battle for Asgard er uansett eit underhaldande spel fleire burde få med seg.

Dom PC: 7/10 GODT

Vil du vite meir?
Les hele anmeldelsen av Viking: Battle for Asgard på Gamer.no »

Kommentarer (0)

Norges beste mobilabonnement

Desember 2016

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Telia Smart Total


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen