Tech·Ed reisebrev - torsdag

Onsdagen avslutta med separerte festar for deltakarar frå dei ulike nasjonane. Nordmenna samla seg på Hard Rock Cafè, og den norske festen har rykte på seg for å vere den beste. I går kveld var nok ikkje eit unntak. Det var fotballkamp på fleire widescreen-TVar, men då Nederland ikkje vann semifinalen vart det eit lite fall i stemninga. Festen vart likevel eit bra arrangement som alltid, sidan det stort sett berre var nordmenn på festen.

På vegen attende til hotellet litt seinare på kvelden, var gatene fulle av sinte nederlendarar og ridande politi. Politiet hadde forberedt seg godt, og så vidt eg fekk med meg vart det ingen store samanstøt.

På veg til konferansesenteret med trikken i dag, vart eg vitne til ein velkoordinert aksjon frå Amsterdam-politiet. Det var ein eller anna form for verditransport som skulle køyrast ein annan plass, og det var imponerande å sjå kor profesjonelt dei stoppa trafikken og klargjorde ei køyrebane midt i rushtida.

Kommentarer (0)

Norges beste mobilabonnement

Desember 2016

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Telia Smart Total


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen