Store selskap vil stoppe spam

Dette meldte både Microsoft og Yahoo i pressemeldingar i natt. Dette gjer dei gjennom samarbeidet Anti-Spam Technical Alliance, ASTA. Forslaget som er lagt fram inneheld forslag til to ulike system som vil vere løysingar på to separate problem innanfor krigen mot søppelpost.

Eit av dei største problema når det gjeld sending av spam, er at kven som helst kan forfalske avsendaraddressa. Dette kan ein løyse ved å slå opp IP-addressa e-posten er sendt frå, og sjekke om denne stemmer overreins med domenet e-posten burde ha komt frå. I stort sett all e-post du får, er IP-addressa den einaste informasjonen som ein kan vere ganske sikker på at stemmer.

Å få e-post-servarane som e-posten passerer igjennom til å digitalt signere e-posten. Dette gjer at ein enkelt kan sjekke om ein e-post er frå den serveren den seier den er, ved hjelp av denne serveren sin offentlige nøkkel. Teknologien som brukast til dette vert kalla Content Signing, innholdssignering, og benytter seg av to nøklar, ein som er privat for serveren, og ein som den kan sende rundt til alle andre. Ved å benytte den private nøkkelen, lagar ein server ein digital signatur som den legger ved e-posten. Serveren som mottar e-posten, henter først den offentlige nøkkelen til serveren som sendte e-posten, og kontrollerer denne opp mot signaturen. Ein kan då vere heilt sikker på at e-posten kjem frå den addressa det står.

Vidare presenterer ASTA ei anbefaling til nettleverandørar, som og vil begrense omfanget av søppelpost. Derimot krever mange av forslaga ASTA har lagt fram at ein gjer endringar i mykje programvare. T.d. foreslår dei å bruke DNS til å lagre e-post-serverars digitale signaturar. Forslaget kjem difor til å verte relativt kontroversielt blant mange. Om du er interessert, kan du lese heile forslaget hos t.d. Yahoo (forslaget er i PDF-format).

Om forslaga vert tatt i bruk, og det kjem dei nok ein eller annan gong til å verte, vil me nok sjå ein betydlig nedgang i mengden søppelpost som hamnar i innboksane våre. Spørsmålet er berre når dette kjem til å skje.

Kommentarer (0)

Norges beste mobilabonnement

Desember 2016

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Telia Smart Total


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen