Anmeldelse Rocksmith (X360)

Dette spelet lærer deg å spele gitar

...men kan det utkonkurrere gitartimar?

[Gamer.no]: Det er lett å tenkje at Rocksmith berre er neste steg i utviklinga som Guitar Hero-serien starta. Det er på sett og vis riktig, men samtidig veldig feil. Dette er ikkje eit morospel du plukkar opp på festar, sjølv om to personar kan spele samtidig. Det er like mykje eit øvingsprogram som det er eit spel, og gjennom dei mange bolkane spelet byr på får du detaljar om både korleis du skal spele gitaren, korleis du skal stemme den, og tips for å bli raskare og betre.

Målet er altså å lære deg å spele gitar ved å spele ei solid samling låter som varierer mellom tyngre rock og lettare pop. Det byrjar på bar bakke, og spelet går ut ifrå at du kan ingenting om gitar. At du ikkje kan velje meistringsgrad sjølv er litt dumt, men det gjer eigentleg ingenting. Ved å starte i det små får dei som ikkje kan spele gitar tid til å forstå kva dei skal gjere, samtidig som meir erfarne spelarar får tid til å setje seg inn i korleis spelet fungerer før det tek heilt av.

Moro å spele gitar

Har du ein gitarglad ven kan to stykk spele saman.
Har du ein gitarglad ven kan to stykk spele saman.

Rocksmith er eitt av dei mest gjevande spela eg har vore borti på mange år. Det har sjølvsagt mykje med at eg elskar gitarar og driv med musikk på fritida, men mine manglande ferdigheiter har fått seg eit solid løft med dette spelet. Det er moro å øve, det er moro å bli betre, og eg har aldri spelt så mykje gitar på regelmessig basis som eg har gjort etter at Rocksmith kom i hus.

Det er eit glimrande spel som gjør øving til underhaldning på kreative og modige måtar. Sjølvsagt kan du lære deg å spele ei låt, men samtidig byggjer du opp muskelminne og blir raskare og meir presis. Om målet ditt er å bli god kan du hoppe over på Scale Runner og øve på skalaer på ein morosam og intuitiv måte til fingrane blir støle.

Spelet er likevel på ingen måte perfekt. Etterslepet på gitaren kan bli veldig irriterande om du må køyre ut lyden digitalt, og eit tungvindt – men pent – menysystem gøymer bort nokre av dei beste tinga Rocksmith har å by på. Med nokre solide justeringar her og der kan ein eventuell oppfølgjar bli farleg nær rein perfeksjon.

Rocksmith er tilgjengeleg for PC, PlayStation 3 og Xbox 360 (testet).

Dom Xbox 360: 8/10 SVÆRT GODT

Vil du vite meir?
Les heile anmeldelsen av Rocksmith på Gamer.no »

Kommentarer (0)

Norges beste mobilabonnement

Desember 2016

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Telia Smart Total


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen