Anmeldelse Resident Evil 6

En emosjonell berg-og-dal-bane

Det mest ambisiøse Resident Evil-spelet så langt slår frå seg.

[Gamer.no]: Med Resident Evil 6 prøvar Capcom igjen å ta sjansar i jakta på den perfekte formelen. Det er ikkje mykje her som minnar om Resident Evil frå gamle dagar. Frå start av kan vi velje mellom tre ulike historier. Vi møter dei gamle kjenningane Leon Kennedy og Chris Redfield, samt nykomaren Jake. Begge får med seg ein partner kvar dei enn går, og scena er med det satt for enda eit Resident Evil-spel der samarbeid er heilt essensielt for opplevinga.

Eg vil strengt tatt gå så langt som å seie at om du har tenkt å spele dette aleine vil du øydeleggje spelet for deg sjølv. Det er ikkje meininga å spele aleine, og du er stadig avhengig av partneren din. Det kan vere alt frå å opne dører, kome seg over hinder, eller for å kome seg på beina igjen etter å ha blitt stygt såra. Den kunstige intelligensen gjer sitt beste, men er inga erstatning for ein ekte spelar. Å døy medan du ligg på bakken og ser partneren din gå i ring rundt seg sjølv er bittert første gong. Den tiande får det blodet til å pumpe i raseri.

Spelar du saman med nokon – og det har eg fått gjort alt for lite med testkoden vår – kan det derimot bli riktig moro. Det ein stort sett må samarbeide på er å drepe fiendar. Ei og anna praktisk oppgåve dukkar òg opp, men desse høyrer stort sett med til unntaka. Nokre av dei beste opplevingane ein kan ha i Resident Evil 6 kjem når ein må splitte opp, og den eine spelaren til dømes må bruke snikskyttarrifle for å beskytte den andre. Alternativt må den eine spelaren lokke eit beist unna med eksplosivar, slik at den andre kan liste seg fram for å plukke opp noko.

Plastisk kirurgi har sine baksider.
Plastisk kirurgi har sine baksider.
Blind date er ikkje alltid ein god idè.
Blind date er ikkje alltid ein god idè.

Den bitre utveg

Resident Evil 6 er ei naturleg vidareføring av utviklinga vi har sett dei siste åra, sjølv om det heile har blitt enda meir tilgjengeleg. Vi møter no eit svært straumlinjeforma inventar som får alt gjort mykje raskare enn før, og kontrollsystemet har sett ein solid finpuss. Dette er på ingen måte eit typisk skytespel, og det er ein god ting. Sjølv om vi no kan ta dekning medan kampen held på, og vi kan gå medan vi skyt, merkar ein likevel lett at trass utviklinga, er dette utan tvil Resident Evil.

Dette er ikkje eit spel der fiendar held seg på avstand slik at du kan plukke dei ned ein etter ein. Her gjer dei sitt beste for å kome seg så nær deg som mogleg, og dette gjer det til ei massiv utfordring å ha nok ammunisjon i eit inventar der det sjølvsagt er trongt om plassen. Naturlegvis går du konstant tom for ammunisjon, og når dette skjer må du bruke rå makt. Dette er mykje lettare enn før, og du kan fyre av ei pumphagle i trynet på ein fiende det eine sekundet, berre for å slå han i bakken det neste.

Det kan bli ganske moro, men samtidig veldig utfordrande. Du har berre ei viss mengde rå energi til disposisjon, og om du tek heilt av med kampsporten blir du andpusten og ute av stand til å gjere mykje anna enn å fyre av ei kule sidan helten din er så sliten. Du kan ta deg ei pille for å få energien tilbake, men kva om du treng den meir seinare når helsa ligg i det raude? Er du tom for ammo – og det vil du vere om du ikkje er forsiktig – er gode råd dyre. Du kjem deg likevel til slutt gjennom problema, og du plukkar med deg ein livreddande ammoboks her og der etter kvart som du drep fiendar.

Våre vener zombiene er tilbake.
Våre vener zombiene er tilbake.
Capcom kan å lage stemning.
Capcom kan å lage stemning.

Stor dramatikk

Resident Evil 6 sin aller største suksess er historia. Det er ikkje verst for eit spel i ein serie som har vore prega av nokon av dei verste historiene, og det verste skodespelet gjennom tidene. Capcom har kome ein lang veg sidan starten, og det er strengt tatt svært få som er i stand til å få personar til live på same måte som dei. Å dele historia opp i tre delar er eit smart trekk. Vi får tre heilt ulike perspektiv som kan dekke meir grunn. På den måten tek vi fult ut del i heile historia, og ikkje berre den biten som skulle følgje nokre utvalde personar.

Vi får servert både verdsleg og personleg drama, og Capcom viser at sjølv om heile utgangspunktet er noko vanskeleg å ta seriøst, maktar dei å gjere det seriøst. For det aller meste har dei valt ut dyktige skodespelarar, der spesielt Troy Baker som er i ferd med å bli Nolan North 2 gjer ein utmerka jobb. Men det er ikkje berre skodespelet, linjene på manuskriptet eller enda eit nytt virus som gjer at eg kosar meg med historia i Resident Evil 6.

Dramatikken blir ikkje mindre av den tidvis eksepsjonelle jobben som har blitt gjort av det tekniske teamet. Eg vil påstå grafikkmotoren til Capcom handterer lys og skugge betre enn nokon andre på marknaden akkurat no. Realisme er ikkje målet, og det er heller ikkje resultatet, men den stemninga som blir bygd opp er intens og gripande. Spesielt når natta senker seg, eller ein vandrar rundt i dunkle område viser grafikken seg frå si beste side.

Det manglar ikkje på ting å sjå. Alt ser kanskje ikkje like bra ut, men når alt først klaffar, då klaffar det. Dette er ikkje eit spel der minna vil smelte over i kvarandre. Dette er eit spel der du tenkjer tilbake på den gongen du sprang gjennom ein massiv sylinder for å sleppe unna eit monster. Det er spelet der du tenkjer tilbake til den gongen då du sprang frå ein tanks innandørs. Ingenting heng på greip, og sjølv om underhaldningsveriden til dei ulike områda kan variere stort, hugsar du dei.

I kampen for å lage det perfekte virus får vi no mutantar med solid våpenkontroll.
I kampen for å lage det perfekte virus får vi no mutantar med solid våpenkontroll.
Av og til møtest dei individuelle historiene for skikkelege basketak.
Av og til møtest dei individuelle historiene for skikkelege basketak.

Konklusjon

Ei emosjonell berg-og-dalbane. Det er den enklaste måten å oppsummere Resident Evil 6 på. Det kan bli sinnssjukt fett til tider. Det kastar oss tilbake til ei svunnen tid der kvart spel var ei oppdagingsferd. Kvart område byr på noko heilt nytt, og utfordringane står i kø som ved lanseringa av ein ny iPhone.

Intensiteten skiftar mellom det trege, bitande og intense, til eit fyrverkeri av spinnvill action. I løpet av spelet får du ta del i dei fleste oppturar og nedturar eit spel kan by på, og det er ikkje alltid positivt. Det kan bli provoserande vanskeleg, og ikkje minst urettferdig. Kjipe triks er brukt for å gjere eit vanskeleg spel enda vanskelegare. Når du brått døyr etter mange minutt med solid speling fordi ein buss landa i hovudet ditt, er det lett å kaste inn handkleet.

Likevel held du fram. Som ein masochist kastar du deg ut i det atter ein gong sjølv om du veit du snart får pryl. Resident Evil 6 har ei drivkraft som nektar deg å gi opp. Det er lett å bli forbanna, men gleda er tilsvarande stor når du omsider er i mål.

DOM Xbox 360: 7/10 GODT

Vil du vite mer?
Les hele anmeldelsen av Resident Evil 6 på Gamer.no »

Kommentarer (0)

Norges beste mobilabonnement

Desember 2016

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Telia Smart Total


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen