Test

PHP Pocket Reference

Takk til O'Reilly for utlån av boka.

BokaDet er her snakk om lita bok på litt over 130 sider, men herr Lerdorf har klart å presse det viktigaste inn i boka. Rasmus Lerdorf er mannen bak PHP, og han har som ein liten inntektskjelde skrive nokre få bøker om språket.

Som nemnt i introduksjonen er denne boka nemnt som ei "reisehandbok", du kan ta den med deg overalt. Den har i grove trekk to delar, der første del tar opp dei vel 30 første sidene. Her gjennomgår dei installasjon av PHP, hovudtrekka til språket, oppbygging, kontrollstrukturar, variablar og datatypar. Språket er lett, men det er ingen lengre dømer i boka. Dette er jo eigentlig sjølvsagt, for å få ei slik bok under 200 sider, er ein nødt til å kutte ut dette. Dei fleste døma spenner over 2-3 linjer. Boka nemner og kjapt om diverse tryggingsmetodar, korleis du kan sette opp Apache til å ikkje levere ut filer som inneheld passord.

I ei slik bok som dette er det ikkje plass til informasjon som er unyttig, og det er difor pakka inn fakta på fakta heile vegen gjennom boka. Ein må difor følgje nøye med, og ein mister lett store poeng dersom ein går glipp av ei setning.

Det som forbausar meg er at det manglar fargekoding av kodeutdrag i denne boka. Dette ser ut til å vere noko spesielt med O'Reilly sine bøker, ingen av dei har fargekoding. Dette trekk ned relativt mykje på lesbarheten av programmeringskode, men det er ikkje eit stort problem i denne boka grunna at det er svært korte utdrag og svært få døme.

Deretter byrjar ein på funksjonsreferansen, som er hovudtyngda i boka. Funksjonsreferansen tar for seg funksjonars returneringsverdi, parameter, kva versjon av PHP funksjonen var med i, og ei kort beskriving av kva funksjonen gjer.

PHP er eit relativt omfattande språk, med eit veldig stort funksjonsbibliotek, og Lerdorf har difor plukka ut dei funksjonsgruppene han syns er dei viktigaste. Det står tydleg nemnt i boka kva funksjonsgrupper som er med og kva som ikkje er med, totalt ender me opp med 1404 funksjonar i denne boka, mot omtrent 2750 totalt i PHP. Alle dei vanlegaste funksjonane er tilgjengelege, og det er ingen funksjonar som eg saknar i mitt daglege bruk.

Boka har vore tilgjengeleg for meg når eg programmerer i over 2 veker no, men eg må seie at det er svært sjeldan at eg faktisk har brukt boka. All dokumentasjon til PHP finns på nettet, og dei fleste som driv med PHP har lasta ned manualen i eit format som dei kan lese på maskina si utan å vere oppkopla. Denne manualen er mykje meir omfattande enn denne boka er, samt at den er som oftast raskare å slå opp i, og det er difor ikkje alle som vil ha bruk for ei slik bok. Dersom du liker å slå opp i bøker i staden for å gjere det i eit hjelpesystem, så er nok dette boka for deg. For meg personleg, så er denne boka noko overflødig.

Funksjonsreferansen er lagt opp alfabetisk. Dette kan vere ein grei måte å gjere det på for svært mange, når dei allereie veit kva namnet på funksjonen er. Dersom ein derimot leiter etter ein måte å gjere ein viss ting på, kan det fort bli verre. Rett nok så har dei fleste funksjonar i PHP namn som mysql_result, der det vert indikert kva funksjonsgruppe funksjonen høyrer til. Derimot er dette ikkje alltid tilfellet, og boka kunne difor vore sortert etter funksjonsgrupper, slik som den er i manualen. Dette er mi personlige meining, og det kan godt vere andre som har andre meiningar om dette.

Det er viktig å påpeika at denne boka ikkje er laga til for nybyrjarar, men heller som eit hurtig oppslagsverk for meir erfarne programmerar. Du bør ha programmert relativt mykje i andre språk tidlegare for å kunne nytte denne boka som ei innføring til PHP.

Konklusjon

AnbefalesDenne boka kan anbefalast til dei som har sakna eit minioppslagsverk til PHP. Ho er godt skrive, har ei nokolunde logisk oppbygging, og er kortfatta og grei å lese. Språket er lett forståeleg, men samantrykt sidan det skal vere ei lommebok. Dette gjer at enkelte setningar ofte inneheld fleire faktaopplysningar, noko som kan vere både positivt og negativt.

Positivt:

  • Godt skrive
  • Lettfatteleg språk
  • Kortfatta

Negativt:

  • Har du bruk for ei slik bok?
  • Alfabetisk sortert funksjonsreferanse

Boka får du kjøpt hos Datajungelen.no for 150,-.

Norges beste mobilabonnement

Desember 2016

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Telia Smart Total


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen