PHP 5 Release Candidate

Blant nyhetene i PHP versjon 5, er versjon 2 av Zend-motoren, som no har full støtte for objekt-orientering. Det er no mogleg å nytte t.d. fleir-arving, tilgangsmodifikatorar, abstrakte klassar og metodar, grensesnitt, endelige metodar, kloning av objekt, feilhandtering, statiske metodar og overloading.

Støtten for XML er og totalt fornya i PHP 5, og nyttar no libxml2 fra XMLSoft. Det er og støtte for SimpleXML, som lar deg behandle XML-filer som PHP-objekt. MySQL-støtta er oppgradert til å støtte mange av dei nye tinga i MySQL 4, og det er innebygd støtte for SQLite, ein SQL-basert relasjonsdatabase som skriv og les direkte til filer, og ikkje treng eit program køyrande på serveren (men PHP må sjølvsagt vere kompilert med støtte for det).

Det har og vorte lagt til støtte for SOAP, slik at ein betre kan samarbeide med websider som nyttar denne teknologien. Vidare har lesing og skriving til straumar no vorte drastisk forbetra.

Du kan laste ned PHP5 RC1 frå PHP.net. Me gjer oppmerksom på at dette er ein Release Candidate, og ikkje er meint til å brukast i produksjonsmiljø.

Kommentarer (0)

Norges beste mobilabonnement

Desember 2016

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Telia Smart Total


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen