Oppdatering til Delphi 8 .NET

Borland har tidlegare uttalt at dei arbeidar på ei oppdatering, og resultatet vart presentert i dag. Dette er feilrettingar som dei fleste sikkert ikkje har lagt merke til, og det er inga stor oppdatering. Det er likevel anbefalt å oppgradere, sidan enkelte av feila kan føre til problem med å konvertere prosjekt frå tidlegare versjonar.

Følgjande feil er retta i oppdateringa:

  • Debugger
    • Uttrykk som referer til fleirdimensjonale tabellar resulterer i "cannot evaluate".
    • Uttrykk av typen set of enumererte verdiar, gjer feil verdi.
    • Uttrykk som referer til lengda av eindimesjonale tabellar kan resultere i "cannot evaluate".
  • Kompilator
    • Å convertere Variant til AnsiString kastar InvalidCastException.
    • Kode-navigering vha. Ctrl+Click kan leie til intern feil nummer S3510.
    • Kompilatoren genererer ikkjevaliderande XML-dokumentasjon for array of..., og kan leie til doble attributtar i XML-koden.
    • Å kompilere ein pakke to gongar gjer ei feilmelding.
    • Å endre namespacet-prefikset til prosjektet kan lage ein uendelig loop mellom kompilatoren og IDEet.
    • Ved å kaste ein LongWord til Int64 gjer ikkje det venta resultatet.
    • Å avbryte kompileringa kan leie til ein AV.
    • Ved visse anleiingar, kan kompilatoren returnere "Bad packaged unit format" når den kompilerer .dcpil-filer.

Oppdateringa hadde ingenting å seie på resultata i vår omtale av produktet. Registrerte brukarar kan hente oppdateringa frå Borland.

Norges beste mobilabonnement

Desember 2016

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Telia Smart Total


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen