MPAA redd for Internet2

Ein av grunnane til at MPAA no søkjer tilgang til Internet2, er den enorme bandbreidda ein finn på dette nettverket. På Internet2 driv universitet og teknologiselskap med testing av programvare som benytter seg av mykje bandbreidde. Studentar på dei tilkopla universiteta har sjølvsagt samstundes funne ut at det er fullt mogleg å dele filer på dette nettverket, og det ønskjer MPAA å slå ned på.

MPAA har vore i samtalar med styringsgruppa for Internet2 i fleire månadar, med den offisielle grunnen at dei ønskjer å forske på leveranse av videomateriale på eit svært raskt nettverk. Samstundes ønskjer dei å overvåke ulovleg fildeling på nettverket.

På Internet2 kan det ta like lang tid å overføre ein heil DVD som det tar å overføre ei MP3-fil på nettet i dag. Forskarar klarte nylig å sende data frå Japan til Sveits med ein fart på 7,21 gigabit per sekund, noko som ein berre kan drøyme om å oppnå på det vanlege nettet.

Og den kjende organisasjonen RIAA, The Recording Industry Association of America, har reagert på fildeling på det lukka nettverket. Cary Sherman, president i RIAA, vitna for den amerikanske kongressen forrige månad, og la fram at desse lukka universitetsnettverka var ein risiko for opphavsrettsholdarar.

Det er enno ikkje bestemt om MPAA får medlemskap i Internet2.

Kjelde: CNet News.com

Kommentarer (1)

Norges beste mobilabonnement

Desember 2016

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Telia Smart Total


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen