Microsoft planlegg Longhorn 'hypervisor'

Det var Bob Muglia, senior visepresident for Windows Server som slapp nyheita i går. Programvara vil vere direkte bygd inn i Windows og vil tillate selskap å virtualisere fleire operativsystem, sa Muglia under sin tale.

Programmet vil vere klart i 2007, etter at Windows Longhorn Server er ferdig. Selskapet har tidlegare sagt at denne typen programvare er på veg, forrige gang var i april. Då nemnte Steve Ballmer det på selskapets Management Summit-konferanse.

"Hypervisor"-programvare, som Microsoft kallar det, tillater fleire operativsystem å køyre på same datamaskina, ein eigenskap som er svært kjekk for å kunne utnytte eit enkelt system så mykje som mogleg.

Selskapet har allerede ein rival i dette markedet; Xen har stønad frå blant anna Sun, Hewlett-Packard, Novell, Red Hat, Intel, AMD og IBM. Alle desse selskapa har tilbudd Xen stønad i form av pengar og programmeringshjelp. Xen er basert på open kjeldekode.

Kjelde: CNet News.com

Kommentarer (1)

Norges beste mobilabonnement

Desember 2016

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Telia Smart Total


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen