Microsoft nekter for piratkopiering

Microsoft er ein av grunnleggarane av Business Software Alliance, BSA, ein allianse inngått for å bekjempe piratkopiering. Det er difor veldig pinlig for Microsoft å verte tatt for piratkopiering på denne måten, og i forrige veke oppdaga tyske PCWelt.de at nokre av lydfilene i Windows var laga med ein piratkopiert versjon av SoundForge.

Microsoft har no gått ut og benekta alle piratkopieringsanklager. Det som har skjedd, er ifølge Eric Cullen, leiar for Windows Consumer Division, at filene originalt var plassholder-filer, som vart overskrive med original musikk før produktet vart ferdiggjort. Derimot gløymte dei å fjerne såkalla metadata frå filene, som denne gongen inneholdt kallenamnet til crackeren Deepz0ne fra crackinggruppa Radium.

Cullen seier vidare at Microsoft ikkje brukte nokon form for piratkopiert programvare under utviklinga av Windows XP, og at Microsoft har opphavsretten til alle desse .wav-filene. Microsoft skal no sette igang ei intern etterforskning for å finne ut kva det er som har skjedd.

Microsoft forklarte ikkje korleis metadata med dette innhaldet var komt inn i plassholderfilene.

Kilde: BetaNews

Kommentarer (2)

Norges beste mobilabonnement

Desember 2016

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Telia Smart Total


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen