Microsoft kutter i budsjettet

E-posten som ble sendt ut i går fortsetter ein lang tradisjon innan Microsoft, der toppsjefen sender ut ein lengre e-post til alle tilsette når selskapet går inn i eit nytt regnskapsår. E-posten var på heile 4900 ord, og nemnte ikkje berre kostnadskutt, men òg kva programvaretilbod som kjem til å vere viktig for Microsoft framover.

Grunnen til kostnadskuttet er hovudsaklig at kostnadane har vokst raskare enn omsetninga dei siste tre åra, frå 16,46 milliardar dollar i 2002, til 18,97 milliardar dollar i fjor. Ballmer sett i mailen opp eit sett med retningslinjer for dei tilsette, og ber dei om å lage ei liste over målbare mål for det neste regnskapsåret.

I samme e-posten refererer Ballmer til ein ny versjon av Office, som muligens kjem før neste versjon av Windows. Formuleringa hans i teksten er relativt uklar, og det er uklokt å spekulere i dette. Representantar frå selskapet ønsker ikkje å kommentere uttalen.

Ballmer seier òg at Microsoft bør bruke meir tid på å overbevise kundar om at dei siste versjonane av deira produkt er verdt å ha. Me må arbeide med eit antall av kundeoppfatningar, inkludert synet på gamle versjonar av Windows og Office som gode nok, og at Microsoft ikkje er gode nok på sikkerhet, skreiv han i e-posten.

Kommentarer (0)

Norges beste mobilabonnement

Desember 2016

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Telia Smart Total


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen