Longhorn skal kjøre Unix-programmer

Services for Unix, forkorta SFU, er rett og slett eit sett med tenestar som ligg rett på kjernen i Windows, på lik linje med det såkalla Win32-undersystemet. Når du som programmerar nyttar deg av SFU, er det som om du jobbar på ei Unix-maskin, og du ser t.d. på filsystemet som om du skulle vore på ei Unix-maskin.

SFU blir av mange firma brukt til å integrere Windows- og Unix-tenestar, eit av dei mest klassiske døma er å få Active Directory-støtte i ein Unix-applikasjon.

Jason Zions, ein av utviklarane av SFU, seier at det finns utviklingsversjonar av SFU som gjer at ein prosess kan køyre kode bøde i Windows og SFU. Det vil ikkje overaske meg om denne eigenskapen vil vere med i framtidige versjonar av Windows uttalte han til VNUnet.com.

SFU har eksistert lenge, men då som ein tilleggspakke til Windows 2000, 2003 og XP Professional. I serverutgåvene av Windows Longhorn, som for øyeblikket er planlagt å komme ein gong i 2008, vil siste versjon av SFU vere integrert.

Services for Unix er noko av det færrast personar har høyrt om når det gjeld Microsoft-programvare, og underteikna var ikkje klar over systema før dei vart påpeika under ein sesjon på Tech·Ed 2004.

Kjelde: VNUnet.com

Kommentarer (13)

Norges beste mobilabonnement

Desember 2016

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Telia Smart Total


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen