Longhorn for utviklere

På sida finn ein mykje informasjon angåande Longhorn som vil vere relevant for utviklarar som satsar på å sleppe program for plattformen. Ein finn ein god del informasjon angåande WinFS, det nye filsystemet i Longhorn, som er basert på ein relasjonsdatabase. Ein finn og tips om korleis ein skal vise korte meldingar til brukaren, såkalla notifications.

Det er og informasjon om korleis sidebaren vil fungere. Sidebaren er noko nytt i Longhorn, og skal virke som eit samlepanel for alle moglege program du kan finne på å køyre. T.d. vil dine pålogga kontaktar i MSN Messenger visast her, du kan dokke Windows Media Player her, og du vil vel kanskje legge inn ditt eigenutvikla program her og?

Mykje av informasjonen skortar på tekniske detaljar, men for tekniske detaljar finns det ei eiga side som inneheld SDKet til Longhorn. Alt er sjølvsagt foreløpig informasjon, og kan endrast når som helst.

Verdt å bite seg merke i, er XAML, språket som kjem til å verte brukt om du vil koble programma dine opp mot t.d. sidebaren. Språket er XML-basert, og tillater bruk av andre programmeringsspråk inne i sjølve XAML-fila.

Det vil ta oss alt for lang tid å gå igjennom alt som du kan finne på desse sidene, men det er verdt å bla litt rundt i desse sidene, sjølv om det er lenge til Longhorn kjem.

Norges beste mobilabonnement

Desember 2016

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Telia Smart Total


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen