Anmeldelse Little Inferno

Burn, baby, burn!

Slepp ut din indre pyroman i dette WiiU-spelet.

[Gamer.no]: Eg kjenner ikkje det menneske som ikkje har ein liten pyroman inni seg. Å slenge det eine etter det andre på bålet, og sjå flammen nådelaust fortære det heile med hud og med hår og kalott, som Trond-Viggo så fint seier det. Når det gjeld reint tidsfordriv, er det rett og slett lite som er meir tilfredsstillande enn å brenne ting.

Du er einig, ja? Då er Little Inferno eit spel for deg. Er det brannfaren som gjer det spennande, seier du? Ikkje like gøy på ein ufarleg Nintendo-konsoll? Prøv det likevel! Her får du nemleg ikkje berre brenne ting, du får ei svært lite sjølvhøgtideleg konsekvensutgreiing med på kjøpet. Og ein heil masse moro.

Peiskos som eskalerer

Du startar spelet stirande inn i din splitter nye «Little Inferno Entertainment Fireplace» og får berre beskjed om å setje i gang med peiskosen, via ein lapp som du sjølvsagt straks set fyr på — stort anna er det førebels ikkje å gjere. Dermed er eventyret i gang: Set fyr på ting, nyt korleis dei reagerer på flammane, plukk opp myntane og frimerka som dukkar opp frå elden, kjøp nye ting frå den stadig større katalogen, og gjer det same om igjen. I korte trekk er det dette spelet går ut på. Utviklarane i Tomorrow Corporation held seg til ei ganske enkel oppskrift, som dei til gjengjeld meistrar til fulle. Det tenar dei stort på.

For i all si enkelheit fungerer dette veldig bra. Grafikken er skarp og fin, og den teiknefilmaktige utforminga kler spelet godt. Du kontrollerer det heile enten med ein Wiimote på fjernsynet, eller direkte på Wii U-en sin GamePad. For meg var det siste å føretrekkje, då det både viste seg meir presist og meir behageleg. Fysikken bak flammane er ei historie for seg sjølv, og her har utviklarane verkeleg gjort seg flid. Ting som er laga av papir, tre, murstein, og liknande daglegdagse materialar, reagerer på flammane på gledeleg realistisk vis. Gledeleg er det òg å sjå maiskolben bli omdanna til popkorn på ein augneblink. Om du derimot skulle finne på å slenge noko slikt som månen, eller eit tre frå NES-klassikaren Duck Hunt, inn i peisen, sjå då blir reaksjonen hakket meir uføreseieleg.

Liknar ingenting anna

Little Inferno er eit ganske uvanleg spel. Det minner ikkje om noko anna eg har spelt, og det er dermed vanskeleg å finne relevante samanlikningar, men la oss kalle det ein «burn ‘em up».

Det er freistande å påstå at Little Inferno er eit post-moderne eventyrspel — dels fordi det er eit eventyrspel utan heilt å vere det heller; dels fordi det kritiserer blant anna sin eigen bransje, gjennom å stille seg sjølv opp som eit perfekt sjølvrefererande døme på nettopp den tendensen kritikken går ut over. Tomorrow Corporation viser eit sjølvmedvit og ein sjølvironi som er sjeldan vare i dagens spelindustri.

Ikkje det med å seie at det på noko vis er nødvendig å vere einig i kritikken for å kunne ha det gøy med dette spelet. Dette er ikkje eit aspekt som på noko vis verkar påtrengande, og ein kan dermed glatt velje å ignorere det. I staden kan ein eksperimentere med alle dei fantastiske fysiske reaksjonane alle tinga har på flammane. Ein kan vri hjernen i forsøk på å finne ut av kva den no kan vere, den eine tingen ein manglar i den eine kombinasjonen. Ein kan forsøke å spare på dei unike tinga som naboen av og til legg ved i breva sine — ting ein elles ikkje kan få tak i — og sjå om det endrar historia på noko vis om ein vel ikkje å brenne dei. Og når ein i iveren likevel sleng dei på bålet ved eit uhell, så kan ein tenkje «Jaja, så får eg spele gjennom det ein gong til etterpå.»

Bra for psyken

Det er i det heile noko svært avslappande ved Little Inferno. Kanskje handlar det litt om at ein ikkje kan tape, men minst like mykje trur eg det handlar om at det å brenne ting gjer godt for psyken. Det er noko ved det å berre stire inn i flammen som gir ro i sjela. Og så er det noko ved det å slenge ei miniatombombe inn i brannen, slik at alt av oske og kol som hadde samla seg opp der inne blir borte som dogg for sola, som berre ropar ut: «Katarsis!»

Little Inferno er i sal for Wii U (testet) gjennom Nintendo eShop eller til PC via den offisielle nettstaden.

Dom WiiU: 8/10 SVÆRT GODT

Les også anmeldelsar av desse WiiU-spela:

Kommentarer (0)

Norges beste mobilabonnement

Desember 2016

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Telia Smart Total


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen