Homefront kan bli årets beste skytespel

Av: Øystein Furevik, Gamer.no

Den gylne regelen for spel er i følgje mange at det ikkje er godt nok om det ikkje grip deg i løpet av dei første minutta. Om ein ting er sikkert, er det at Kaos Studios har fått dette med seg, for dei brukar dei første minutta for alt dei er verd. Vi blir umiddelbart møtt av eit Amerika underlagt koreansk styre, og det er ikkje eit vakkert syn. Sivile blir samla i bussar for å transporterast til arbeidsleirar, eit par blir brutalt skotne framfor auga til barnet deira, og ein stakkars fyr blir skoten i ryggen i det han prøvar å kome seg unna. Det er eit sterkt syn du blir rive ut frå gjennom ein kraftig eksplosjon som får bussen du sit i til å rulle rundt før den landar på taket.

Herifrå går det utan stopp. Du blir kasta frå den eine intense situasjonen til den andre med kompromisslaus aggressivitet, og eg kan med handa på hjartet seie at dei tre første kapitla i Homefront har gjort eit større og meir minneverdig inntrykk på meg enn samtlege av fjorårets skytespel samanlagt.

Ein nasjon i knipe

Marxx eller livet!
Marxx eller livet!

Det tek ikkje lang tid før du får ditt første våpen, og du merkar umiddelbart kor fabelaktig våpenkjensla i spelet er. Sjølv ein skarve pistol er ei fryd å bruke der du i noko som nesten minnar om panikkangst kjempar deg gjennom tronge gater og raserte bygningar for å kome deg i tryggleik.

Målet med den innleiande sekvensen er å veldig tydeleg forklare deg kvar du er, kven du er, og i tur introdusere deg for ei motstandsrørsle samansett av dei som enno ikkje har gått med på å leggje ned våpna sine. Actionsekvensane blir no og då avbrotne med rolege sekvensar krydra med solid dialog som byggjer opp om dei forskjellige karakterane i spelet. Stereotypane er absolutt til stades, men i ei slik setting gjer det eigentleg ingenting. Nokon nesten vere den forbanna fyren som berre vil sjå fienden døy.

Den store stjerna i spelet er derimot dei glimrande actionsekvensane. Vi blir kasta framover i eit intenst tempo der trykket av å vere i konstant livsfare får deg til å gripe om musa til knokane blir kvite. Du toler ikkje mange kulene, men det gjer ikkje fiendane heller. Ofte er det ikkje meir enn ei kule som skal til før dei sig om, og dette får deg faktisk til å kjenne presset enda kraftigare. Du er ikkje supermann, du er ein vanleg person som krigar mot vanlege menneske og når du slepp å tømme eit heilt magasin i kvar fiende blir dette enda meir tydeleg.

Effektiv bruk av ammunisjon er likevel nødvendig. Sjølv om du kan plukke opp våpen frå alle falne fiendar kan det i enkelte situasjonar bli knapt med ammo, noko som gjer situasjonane enda meir nervepirrande.

Storslagne kampar

Å seie at dette blir stille før stormen blir tafatt.
Å seie at dette blir stille før stormen blir tafatt.

Storparten av intensiteten kjem gjennom møtet med den enkelte fiende, men i Homefront blir vi likevel vitne til eksemplarisk bruk av skripta sekvensar. Dei er så gjennomførte og herleg nervepirrande at eg knapt har vore ute for liknande. Sjølv om eg innerst inne visste at alt var skrudd saman i detalj for størst mogleg effektivitet, blei eg likevel dradd inn i situasjonane på alle tenkjelege måtar. Å springe gjennom eit flammehav etter eit katastrofalt feilgrep frå ein alliert får adrenalinet til å pumpe medan panikkslagne tankar frå bakhovudet gjerne vil sleppe fri.

Forskjellen på slike sekvensar i Homefront og mange andre spel er at Kaos Studios verkeleg greier å engasjere deg. Det er nesten som å vere ein del av krigen og utviklarane oppnår dette ved å vite nøyaktig når dei skal dra inn ei planlagt hending, starte ein dialog, eller bruke forskjellige visuelle verkemiddel for å auka effekten av situasjonen.

Det skadar heller ikkje at det visuelle designet er heilt i toppsjiktet med ei realisert verd du verkeleg kan akseptere. Om USA nokon gong skulle bli okkupert hadde eg ikkje hatt store problem med å tru det hadde sett slik ut. Reint presentasjonsmessig er det likevel lyden som går av som den sterke vinnaren. Det massive lydbiletet som omfamnar deg når du badar i kuler praktisk talt blokkerer ut alle andre sansar.

Strengt tatt finn eg ekstremt lite å utsetje på dei første nivå av dette spelet. Dei einaste tinga som har skurra litt er at kontrollane av og til gjer snåle ting når eg skal skifte våpen, eller at kompatibiliteten med handkontroll ikkje heilt fungerer i testversjonen. Samtidig er den kunstige intelligensen litt variabel der fiendane ein og annan gong gjer ganske dumme ting, men dette høyrer til unntaka.

Konklusjon

Infernoet står for tur.
Infernoet står for tur.

Homefront byggjer umiddelbart opp eit vanvittig engasjement. Skrikande blir du brutalt dradd inn i ei knallhard verd der kvart minutt kan vere ditt siste. Utviklarane ser verkeleg ut til å ha forstått korleis ein skal kombinere ein glimrande presentasjon med ei spanande historie og intens action. Ein får aldri kjensla av at tida står stille, og når kampane ein og annan gong stoggar opp er det ei velkomen pause.

Det ser verkeleg ut til at Kaos Studios har treft spikaren på hovudet. Det kan sjølvsagt vere at dei har stappa dei første kapitla fulle av alt spelet har av verdi, men det skal likevel godt gjerast å bryte ned det dei har bygd opp. Historia lovar godt, våpenkjensla er herleg, og så lenge spelet held fram med sin eksplosive kreativitet kan dette lett bli eit av dei beste skytespela i nyare tid.

Eg er likevel litt spent på korleis historia vil utarte seg. Det byggjer veldig opp til å bli eit sterkt fokus på korleis eit forent Korea er den store fienden, og eg håpar biletet i løpet av spelet blir meir nyansert enn den gamle leksa om at den einaste gode kommunisten er ein død kommunist. Kva veg det no måtte gå er det likevel ingen tvil om at Homefront har stort potensiale til å by på både både noko langt over gjennomsnittet når det blir lansert i mars.

Homefront kjem i sal 18. mars, for PC, Xbox 360 og PlayStation 3.

Kommentarer (1)

Norges beste mobilabonnement

Desember 2016

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Telia Smart Total


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen