Anmeldelse Halo 4 (X360)

Halo 4 gjer nesten alt riktig

Master Chief sparkar ned dørene med eit nytt superteam i ryggen.

[Gamer.no]: Det er nesten som å banne i kyrkja. Det er litt som å vere utro mot ein langvarig elskar, men eg er likevel nøydt til å seie det. Halo 4 er det første spelet i den over ti år gamle Halo-serien som verkeleg har gjeve meg kjensla av å vere Master Chief. Eg innser det no. Dette er det første spelet – godt mogleg nokon gong – som verkeleg har fått meg til å fullt ut forstå kor fett det er å vere ein supersoldat. Korleis adrenalinet pumpar når du spring fram utan tanke for eigen tryggleik, og plukkar ned den eine fienden etter den andre med mekanisk presisjon.

Sjefen er tilbake.
Sjefen er tilbake.

Ein kan kalle det den perfekte kombinasjonen av rå makt og utfordring. Eg er fullstendig klar over at eg kan døy når som helst. Pipinga frå tomme skjold gjer meg veldig bevisst på at alt snart kan gå i svart. Likevel pressar eg på. Eg tømmer halve magasinet på kamprifla i ein covenat-elite, snur meg og plukkar ned ein liten grunt som prøvar å skyte lilla nåler i meg. Eg rundar eit hjørne, ladar om. Lener meg inntil veggen lenge nok til å trekke pusten, før eg spring fram igjen. Eg har ikkje tid til å gøyme meg. Tankane forsvinn, instinkta tek over.

Brått blir det stille. Det er over. Eg pustar ut og med nervane i spenn innser eg at det har gått alt for langt tid sidan eg trakk den inn.

Startar ei ny historie

Halo 4 gjer så og seie alt riktig. Det er den perfekte starten på ei ny historie. Det er eit uhyre intenst spel med solid driv, som heile tida held fast på alt det som har gjort serien populær i utgangspunktet. Dei nye utviklarane hos 343 Industries har ikkje gjort noko forsøk på å finne opp hjulet på ny, men dei har tilført nye element på ein glimrande måte slik at du knapt nok merkar det.

Spartan Ops byr på krig og moro for heile familien.
Spartan Ops byr på krig og moro for heile familien.

Det som verkeleg sit igjen når det heile er over er enkeltståande opplevingar der du verkeleg har fått den fulle og heile Halo-opplevinga banka inn i kroppen. Ved sidan av dette framstår historia som uvanleg sterk. Den er presentert på ein uhyggjeleg god måte, og gjer dramatiske og drastiske vendingar i universet mange har blitt glade i. Når det glir mot den intense slutten sit ein igjen med mange svært massive spørsmål, og eg vil tru det er akkurat det 343i ville oppnå.

Dei vil du skal glede deg til Halo 5. Eg for min del er forferdeleg frustrert akkurat no. Frustrert over at det vil ta år til eg får vite kva som skjer vidare med vår grøne ven.

Halo 4 kjem i sal for Xbox 360 6. november.

Dom Xbox 360: 9/10 KLASSISK

Vil du vite meir?
Les heile anmeldelsen av Halo 4 på Gamer.no »

Kommentarer (0)

Norges beste mobilabonnement

Desember 2016

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Telia Smart Total


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen