Google Groups 2 i betatesting

Google Groups har lenge vore ein av dei mest brukte måtane å lese Usenet på. Med versjon 2 av verktøyet vil det i tillegg vere mogleg å opprette sine eigne annonseringslister, lukka e-postlister og webdiskusjonar. Google Groups indekserer i dag over 845 millionar innlegg på Usenet, og kan søke igjennom desse på svært kort tid.

Blandt forbetringane i den nye beta-testen er mogleiken til å "stjernemerke" ulike diskusjonstrådar, som overvåkar diskusjonen for deg. Stjernemerka tråder har du tilgang til på ei eiga side, der det står kor mange nye innlegg det er i nettopp den tråden.

Fargekodinga for innlegg har og vorte mykje betre i den nye versjonen, og mogleiken til å vise ein diskusjon som eit hierarkisk tre er òg svært praktisk.

Det er verdt å merke seg at webdiskusjonar oppretta frå Google Groups ikkje vil bli lagt ut på Usenet, og vil difor berre vere tilgjengelig frå Google Groups.

Du kan sjølv prøve ut betaversjonen hos Google.

Kommentarer (0)

Norges beste mobilabonnement

Desember 2016

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Telia Smart Total


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen