Google Games er på veg

Ifølge teknologibloggen TechCrunch skal Google i løyndom ha investert mellom 100 og 200 millionar dollar i spelselskapet Zynga, som står bak blant anna dei populære spela Farmville og Mafia Wars, som kan spelast gjennom Facebook. Denne investeringa skal vere ein del av eit større samarbeid under utvikling mellom dei to selskapa.

Google skal ha planar om å starte ei ny teneste, kalt Google Games, som truleg vil ha stor samanknytning til den planlagde Facebook-konkurrenten Google Me.

Ettersom Facebook nærmar seg ein halv milliard brukarar, fryktar Google at dei vil miste både annonseinntekter og trafikk, noko som er del av grunnlaget for at dei vil skape sin eigen sosiale nettstad. Ryktene som går rundt Google Me blir meir og meir handfaste, og det siste nye er at ein tidlegare sjef for Facebook, Adam D'Angelo, bekrefta at prosjektet eksisterer. Han skreiv også på Q&A-sida si at det ikkje berre «ikkje er eit rykte», men at det er mange i Google som arbeider med prosjektet, og legg til at han er «heilt sikker på dette».

Det siste året skal Zynga ha henta inn rundt ein halv million dollar, og Google skal ha vore ein av investorane då den siste emisjonen vart sluttført førre månad. TechCrunch skriv vidare at Zynga skal bli ein viktig del av Google Games, der tanken er at ein må logge seg på via Google for å få tilgang til spela. Zynga ligg an til ei omsetning på 350 millionar dollar første halvår i år og heile éin milliard dollar i 2011.

(Kilde: TechCrunch)

Kommentarer (12)

Norges beste mobilabonnement

Desember 2016

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Telia Smart Total


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen