Forhåndskikk på MSN Messenger 7


Klikk på bildet

Det første ein merkar når ein startar den nye versjonen, er at det har komt eit revidert grensesnitt. Grensesnittet er meir strømlinjeforma enn i tidlegare versjonar, men har bevart oversiktligheten som MSN har hatt lenge.

Blant dei mange små forbetringane ein kan sjå, er no indikatorane på om folk er tilgjengelig, opptatt eller borte, flytta litt på sida av navnet deira. Om du trykker på ikonet foran ein bruker, får du opp eit kontakt-kort for denne brukaren. Her er diverse informasjon om brukaren, blant anna finn du telefonnummer og e-post-addresse til personen.

Kontaktkort

Du kan og sende såkalla "winks" til kontaktane dine, som er animerte sekvensar med lyd, som vert vist over MSN-vindauget. Det er berre 15 slike med i denne versjonen, men me reknar med at dette tilbodet vil verte utvida litt når den fullstendige versjonen blir lansert.

Winks
Klikk på bildet

Det er og mogleg å sende ein såkalla "nudge" til personar på kontaktlista di. Når du gjer dette, vil MSN-vindauget begynne å vibrere samtidig som det lagar ein lyd. Det er sjølvsagt mogleg å reservere seg mot å motta slike "nudges", som er litt irriterende i lengden dersom nokon misbrukar dei. Du kan sjølvsagt og slå av autoavspilling av "winks", slik at du slepp at dei hoppar opp når du minst ventar det.

Kommentarer (8)

Norges beste mobilabonnement

Desember 2016

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Telia Smart Total


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen