DoubleClick ramma av DDoS-angrep

Crackarar angreip den sentrale namnetenaren til DoubleClick med enorme mengder trafikk frå datamaskiner rundt om i verda. Resultatet var at namnetenaren vart utilgjengeleg, og dette gjorde at mange sider som nyttar seg av annonsetenestane frå DoubleClick òg vart utilgjengelege. DoubleClick er eit av dei største firmaene i verda når det gjeld vidareformidling av nettannonsar.

Ein av tinga som gjer Internett så godt rusta mot angrep, er at det ikkje er eit enkelt selskap eller teknologi som styrer heile nettet, uttalte Lloyd Taylor, visepresident i nettovervåkningsfirmaet Keynote Systems Inc., men i dette tilfellet vart ein mykje brukt infrastruktur som svært mange firma stoler på ramma.

DoubleClick har over 900 kundar som vart ramma av angrepet. Mange la kanskje merke til at svært mange nettstader tok lang tid å laste på tirsdag, eller ikkje lasta i det heile. DoubleClick reknar med å betale erstatning til dei firmaene som vart ramma av angrepet.

Kjelde: The Washington Times

Kommentarer (3)

Norges beste mobilabonnement

Desember 2016

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Telia Smart Total


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen