Direct Connect-raid i USA

USA er kjent for å ha nokre av dei strengaste lovane når det gjeld piratkopiering og digital kriminalitet, kjent som Digital Millenium Copyright Act, DMCA. Eigarane av husa som vart ransaka, vart ikkje arrestert, men alt datautstyr beslaglagt.

Direct Connect-nettverket fungerer ved hjelp av sentrale hubbar som klientar kan kople seg til. Det er klientane som deler programvare, hubben er der berre for å gjere det mogleg for klientane å finne kvarandre. Når ein klient ønskjer å laste ned noko frå ein annan klient, er koplinga mellom klientane direkte, og derfrå kjem namnet Direct Connect. Eit vanleg krav for å få lov til å koble opp til ein slik DC-hub, er at du har minst 40GB å dele med dei andre klientane. Ved å stenge hubbane gjer FBI det vanskelegare for fildelarar å få tak i piratkopiert materiale.

Ifølge USAs justisminister John Ashcroft hadde kvar av hubbane nok lagringsplass til å dele 60 000 filmar eller 10.5 millionar songar. NeoModus Inc., som har laga Direct Connect, har ikkje komt med nokon kommentar til ransakingane.

Kommentarer (2)

Norges beste mobilabonnement

Desember 2016

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Telia Smart Total


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen