Desse spela gler vi oss til i mars

Nå kjem det nye spel i nokre av dei aller største seriane.

Det får no vere makan. Her sit ein stakkar og trur det kanskje blir ein roleg månad, der vi kan få tid til å puste mellom alle dei lovande spela. I staden er det like før vi kollapsar under vekta av verdas beste luksusproblem.

Der hausten ein gong i tida var årets mest intense epoke, er det no ei stygg fare for at heile året blir eit inferno for både tida og lommeboka. Mars er i år ei økonomisk katastrofe, ein månad så stappa full av spel at med mindre du likar berre ein type spel, og utelukkande den typen, så kjem du til å auke spelbiblioteket ditt med ein solid prosent.

Mars er ein månad full av nokre av dei aller største seriane som finnest akkurat no, samt nokre som ligg og ulmar rett under overflata. Dette kjem rett etter ein månad der vi har fått nokre herlege perler som Metal Gear Rising: Revengeance og Proteus, samt solid underhaldning i form av Crysis 3 og Dead Space 3. Nokre lappar har vi derimot spart på dei skuffande spela Aliens: Colonial Marines og Impire.

Å no skulle filtrere ut det «mest spanande» av bunken spel som dukkar opp i mars er ein utakknemleg jobb som berre vil skaffe meg fiendar, men la gå, vi hiv oss i det.

Er Lara tilbake i storform?
Er Lara tilbake i storform?

Tomb Raider

Plattform: PlayStation 3, Xbox 360, Windows Ute: 5. Mars

Vårt komande gjensyn med Lara Croft blir svært ulikt dei førre spela i serien. Utviklarane hos Crystal Dynamics har valt å starte serien frå byrjinga igjen, og fortel no historia om korleis Lara gjekk frå å vere ei uerfaren jente, til å bli den modige actionarkeologen vi kjenner.

Etter eit havari utanfor Japan endar Lara opp på ei tilsynelatande aude øy. Dette viser seg derimot kjapt å vere feil, og Lara blir raskt kasta ut i livsfarlege situasjonar og må kjempe for livet. Dette blir eit nøkkelpunkt i spelet som får eit stort fokus på noko så elementert som å overleve. Spelet lovar å by på ei mykje meir vaksen historie enn dei tidlegare i spela, og det heile ser ut til å bli både mørkt og dramatisk.

Les meir om Tomb Raider (Gamer.no)

Dette blir eit tidssluk utan like!
Dette blir eit tidssluk utan like!

SimCity

Plattform: Mac, Windows Ute: 7. Mars

Om byplanleggjaren i deg har hatt ei tøff tid dei siste åra, er det endeleg tid for å benke seg ned bak skjermen for å skape din eigen metropol. I det nye SimCity får du enda større moglegheiter i korleis du skal få ein by på beina. Ikkje berre må du byggje ein velfungerane by med solid infrastruktur, men du må òg tenkje over korleis du brukar ressursane dine. Vil du lage ein miljøvenleg by, eller ein rik by basert på plyndring av naturressursar?

Alt dette kan du ta eit steg vidare i fleirspelarmodusen der du kan samarbeide med andre spelarar for å få ting til å gå knirkefritt. Innanfor ein region kan spelarane stable kvar sine byar på beina, og dele på ulike oppgåver. Om ein ikkje har alle frontar dekka skal ein ikkje føle seg trygg mot valdelege innbyggjarar, naturkatastrofer og det som verre er.

Les meir om SimCity  (Gamer.no)

Her blir det blog, gørre og alt det som verre er.
Her blir det blog, gørre og alt det som verre er.

God of War: Ascension

Plattform: PlayStation 3 Ute: 12. Mars

Kratos er tilbake igjen for å denge mytologiske beist på særs blodig og makabert vis. Denne gongen får vi fortalt historia om kva som skjedde før det aller første God of War-spelet, og møter med det ein yngre Kratos, sjølv om det på ingen måte betyr at dei hypervaldelege dødssekvensane har blitt tona ned. Her blir det intens action med eit oppussa of raffinert kampsystem. At det ser fantastisk ut bør ikkje kome som eit sjokk.

Det store nye denne gongen er ein fleirspelarmodus der du kan spele mot og saman med andre spelarar. Du kan velje om du berre vil ta livet av andre spelarar, eller gå saman i to lag der det naturlegvis handlar om å slå motstandarane tilbake. Eit ekstra element i god of War-fleirspelaren er korleis du kan finne ein enorm Titan i bakgrunnen, ein skapning du kan tene stort på å ta ned.

Les meir om God of War: Ascension  (Gamer.no)

Berre synet får det til å krible i fingrane.
Berre synet får det til å krible i fingrane.

StarCraft II: Heart of the Swarm

Plattform: Mac, windows Ute: 12. Mars

Det vakte både oppsikt og ein del harm då Blizzard kunngjorde at StarCraft II ville bli oppdelt i tre separate spel, i staden for å fortelje heile historia på ein gong slik dei har gjort tidlegare. Mykje av grunnen til dette er nok at dette – med Blizzard sine lange utviklingsperiodar i tankane – sørgjer for at det vil ta fleirfaldige år å få heile historia med seg. Ikkje utan grunn, nesten tre år etter Wings of Liberty held historia no fram.

I Heart of the Swarm er vi ferdige med Terran-kampanjen, og vi følgjer no Kerrigan i sin kamp for å styre Zerg til siger mot Arcturus Mengsk. Spelet vil kome med nye krigarar for både Zerg, Terran og Protoss, og fleire justeringar i både einspelaren og den svært populære fleirspelarmodusen.

Les meir om StarCraft II: Heart of the Swarm  (Gamer.no)

Curbstomp anyone?
Curbstomp anyone?

Gears of War: Judgment

Plattform: Xbox 360 Ute: 22. Mars

Historia om Marcus Fenix og Dom er kanskje over, men det betyr sjølvsagt ikkje at Epic Games ser noko meining i å avslutte serien av den grunn. No spolar vi tida tilbake til før hendingane i det første Gears of War-spelet og Møter Damon Baird og Augustus Cole. Desse to er godt kjende frå før gjennom den svært populære serien, men først no får dei den ettertrakta hovudrolleposisjonen.

Dei tidlegare spela i serien har blitt utvikla av Epic Games, medan Judgment blir skapt av People Can Fly, studioet som gav oss skyteorgien Bulletstorm. Enkelte endringar må vi forvente oss av den nye utviklaren, men vi kan definitivt sjå fram til meir av den same skytefesten vi har blitt vande med. I fleirspelaren får vi nye modusar å leike oss med, blant anna den klassebaserte modusen OverRun.

Les meir om Gears of War: Judgment  (Gamer.no)

Sjåast på den andre sida.
Sjåast på den andre sida.

Bioshock Infinite

Plattform: PlayStation 3, Windows, Xbox 360 Ute: 26. Mars

Etter det klaustrofobiske Bioshock såg mange føre seg at det neste spelet frå Irrational Games ville bli eit nytt mørkt og dystert spel. Det vi får er derimot den rake motsetning. I Bioshock Infinite reiser vi til skybyen Columbia, ei fargerik og opa verd der blå himmel og kvite skyer erstattar mørkret.

Spelet har sett mange utsetjingar, men no er det endeleg klart for lansering. Vi møter Booker DeWitt som saman med Elisabeth må kome seg gjennom mange utfordringar. Irrational Games er kjende for å røre ved kontroversielle tema, og Bioshock Infinite blir i følgje utviklarane ikkje noko unntak. Spelet lovar å by på mange tankevekkjande episodar, ved sidan av heftige actionsekvensar der du kastar deg ut i meir eller mindre fritt fall blant skyer og fuglar.

Les meir om Bioshock Infinite  (Gamer.no)

 

Kommentarer (0)

Norges beste mobilabonnement

Januar 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Komplett MegaFlex 30GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen