Test

Borland JBuilder 9 Enterprise

Takk til Borland for utlån av produktet.

Når Borland presenterer nye versjonar av sine produkt, då vert store delar av verda oppmerksam på det. Når det i tillegg gjeld JBuilder er oppmerksemda om mogleg endå større. JBuilder er tilgjengeleg på Windows, Linux og Solaris, og det er difor eit verktøy som har ein stor potensiell kundemasse. Utsalsprisane på JBuilder varierer frå omtrent US$1000 (i overkant av 7000kr) til US$4000 (i overkant av 29 000 kr).

Det er utruleg mange mogleikar i JBuilder, og det kan vere vanskeleg å velje rett versjon. Uansett gjer Borland vekk Personal edition av JBuilder 9, som du kan hente ned frå deira heimesider. Denne utgåva er lisensiert berre til personleg bruk, og er difor eit svært godt alternativ til studentar.

Pakken

Me har fått ein kopi av Enterprise-utgåva, som er den desidert mest omfattande utgåva av dei alle. Med i pakken får du òg Borland Enterprise Server (Appserver edition), ein fullversjon av OptimizeIt Suite og ein forhåndskikk på OptimizeIt ServerTrace. Begge desse er produkt som er prisa høgt når dei vert solgt for seg sjølv, og det er mykje å spare på å kjøpe desse produkta i lag med JBuilder, eller evt. Delphi.

Elles finn me svært lite materiell i pakken, utanom lisensnøklar. Det er svært mange som ville sett pris på å få ein eller annan form for dokumentasjon i trykt form, som Borland har gjort med Delphi i fleire år. Mange av delane av hjelpefila ville passa fint til dette, og kunne nesten ha vorte brukt direkte. I ei Enterprise-utgåve er ikkje dette spesielt viktig, sidan svært mange utviklarar vil berre kjøpe ei utgåve av pakken, og kjøpe lisensar til resten, medan i Developer-utgåva hadde det vore ein fordel å legge ved bøker.

Installasjonen

Installasjonen av programmet gjekk smertefritt under Windows, og eg må seie at Borland har tatt seg god tid når dei har laga installasjonen. Den har ein polert utsjånad, og eg lurar personleg litt på kor mange designarar dei har hatt når dei laga installasjonsprogrammet.

Installasjonsprogrammet er heilt likt både i Windows og i Linux, og det var difor ikkje noko problem for ein uerfaren Linuxbrukar som meg sjølv å legge inn programmet. Derimot låste programmet seg heilt på slutten av installasjonen, mens den holdt på å installere avinstallasjonsprogrammet. Eg klarte likevel heilt fint å starte JBuilder, og dette vil ikkje vere noko problem for litt meir erfarne Linuxbrukarar.

Programmet

Det same gjennomførte designet finn du og i sjølve JBuilder; grensesnittet er svært godt gjennomtenkt og det er visstnok svært responsivt i forhold til tidlegare versjonar. Dette har me ikkje testa sjølv, men det er inntrykket me har fått etter å ha snakka med utviklarar vande med JBuilder 8. For ein nybyrjar kan det til tider virke som om grensesnittet faktisk er litt treigt, men det er noko ein venner seg til.

Det er likevel snakk om eit svært tungt program, Borland har sett minimumskravet på minne til 512MB, med anbefalt 768MB, medan hastigheita på maskina er dei ikkje så nøye på; minstekravet her er ein Pentium II 233MHz eller tilsvarande. Dei krev òg at du nyttar enten Windows 2000 (SP2), NT 4.0 (SP6a) eller XP, og på Linux-sida krev dei Red Hat 7.2 med GNOME eller KDE, eller Red Hat Enterprise Workstation 2.1. På Solaris er krava ein UltraSPARC II prosessor, køyrande på Solaris 8 (2.8).

Kor tungt JBuilder eigentleg er å køyre merkar du ikkje før du opnar Design-delen av hovudvindauget. Med ein gong du opnar litt større prosjekt skyt minnebruken skyhøgt, og responsiviteten synk. Dette er derimot ikkje noko stort problem, men det er verdt å merke seg at JBuilder er eit svært intensivt program når det gjeld minnebruk.

Noko av grunnen til at programmet kan virke uresponsivt til tider, ligg nok i det at det er snakk om ganske avansert gjennomgang av koden mens du skriv den. Du vert advart om syntaksfeil mens du skriv, og det vert klart markert kvar i koden feila ligg. Dette er til tider svært kjekt, og til tider svært irriterande, sidan det har ein tendens til å gje eit lite mellomrom mellom du trykkjer på tastaturet til bokstaven kjem opp på skjermen. Vidare er det og snakk om syntaksfullføring, der JBuilder stort sett er genialt, men for oss som har drive med programmering i ein rein teksteditor før, krevjer det litt tilvenjing.

Med i pakken er som sagt OptimizeIt Suite 5.5, som er eit optimiseringsprogram for koden. Det er integrert direkte inn i JBuilder, men kan og brukast som eit program for seg sjølv. Det kan gje deg oversikt over alt frå talet på instansvariablar av ein viss type, til å gje deg grafar over prosessorbruk, talet på trådar som køyrer, og så bortetter. Det er eit svært kraftig program, men du har litt spesielle behov om du har bruk for det. Til dømes kan OptimizeIt lett fjerne overflødige import, berre ved å trykkje Ctrl+I i tekstvindauget.

Companion Tools

Borland har som vanleg lagt med ein Companion Tools CD. Denne skal me ikkje omtale noko spesielt her, men det er verdt å merke seg at det er snakk om relativt mange interessante verkty på denne CDen. For ei kjapp liste, så har me ein god del tillegg til JBuilder, eit mobilt SDK, dokumentasjonshjelpemiddel, brukergrensesnittkomponentar, prøveversjonar av InstallAnywhere, Intraweb og ein haug WebCab-klassar.

Konklusjon

Anbefalt JBuilder 9 Enterprise er eit bunnsolid program, både på maskinkrav og funksjonalitet, og det kjem anbefalt av svært mange utviklarar rundt om i verda. Det kan nyttast på svært mange ulike operativsystem, det er berekna på lagarbeid, det har innebygd UML-verktøy, og ein svært god kodeoptimerar.

Alt dette gjer at me fint kan anbefale JBuilder 9 Enterprise. Det er ikkje verktøyet for hobbyutviklaren på gutterommet, dette er eit kraftverktøy berekna på store selskap.

Bilete

Pakkens utside Pakkens innhold CDane
Installasjonsprosessen Installasjonsprosessen JBuilder
JBuilder Online help OptimizeIt integrert
OptimizeIt integrert Installasjon under Linux Installasjon under Linux
Installasjon under Linux JBuilder under Linux JBuilder under Linux

Norges beste mobilabonnement

Desember 2016

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Telia Smart Total


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen