Test

Borland Delphi 7

Me ønskjer å takke Borland for utlån av produktet.

Kva er Delphi?

For å ta det viktigaste først, så er Delphi eit eige programmeringsspråk frå Borland. Det er basert på ein objekt-orientert versjon av Pascal, før kalla Object Pascal. No heiter sjølve språket Delphi. Delphi finns både for Windows og Linux, for sistnemnte under namnet Kylix.

Om ein berre ser på utsjånaden til programmet, har det mykje til felles med Visual-serien til Microsoft; ein kan dra kontrollar ut på eit vindauge, noko som gjer designing av program svært mykje enklare. Sidan Delphi kan utvikla program for fleire operativsystem, har det to sett med komponent bibliotek, kalla VCL (Visual Component Library) og CLX (Component Library for Cross-Plattform). Program skrevne for CLX kan kompilerast direkte i både Delphi og Kylix, medan VCL-baserte prosjekt berre kan kompilerast i Windows.

Pakken

Pakken (opnar i nytt vindauge) Borland Delphi Studio 7 Architect er den desidert kraftigaste versjonen av programmet, og difor er pakken ganske stor og tung. Den vog omtrent 3 kg då eg fekk den på døra, og det var allereie då klart at dette er ein omfattande pakke.

I øskja fann eg 8 CDar, 3 bøker, 2 plakatar og lisensavtalen. CDane inneheld mange ulike ting, slik som Delphi 7 Enterprise edition, som er den kraftigaste utgåva av Delphi. I tillegg får ein med Kylix 3 Enterprise, for utvikling av program under Linux, Borland Enterprise Server, eit preview for Microsofts .Net-initiativ, samt ein "e-learning" CD.

Det er tre bøker; Quick Start, Language Guide og Developer's Guide. Developer's Guide er den desidert største, på omtrent 1050 sider.

Den eine plakaten har ei total oversikt over alle komponentar i VCL (Visual Component Library), som er byggesteinen i Delphi. Her er dei sortert etter arv, og det er merka av kva ein finn i kva versjon av Delphi. Den andre plakaten inneheld dei ulike unntaka (exceptions), og er sortert på same måten.

Norges beste mobilabonnement

Desember 2016

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Telia Smart Total


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen