Test

Borland C#Builder

Pakkens framsideC#Builder kjem som ein del av Borland si satsing på .NET-plattformen, der me i framtida og forventar oss at Octane, eller Delphi for .NET òg skal komme. Frå før kjenner me Borland som eit solid selskap som som oftast innfrir forventingane som står til dei. Det var difor me var svært spent då me fekk Borland C#Builder Architect i postkassen.

Innholdet i pakkenSjølve pakken er fylt med 7 CDar, ei hurtigstart-bok, lisensen til programmet, samt litt reklame. Blant CDane finn me sjølvsagt C#Builder, ein partner-CD, OptimizeIt Profiler, DB2 frå IBM, samt Microsoft SQL Server 2000 (Developer edition). Crystal Reports er og å finne på ein av CDane.

Innholdet på partner-CDen er som alltid interessant, der finn me blant anna utdrag frå bøker publisert av SAMS, som gjer deg ein grei introduksjon til korleis C# er som språk. Vidare finn me komponentpakken NetAdvantage frå Infragistics, PowerTCP Sockets, samt Borland .NET Developers Journal frå Bridges. Det som me saknar på denne partner-CDen er derimot eit program for å lage installasjonar. Det er ein prøveversjon av InstallAnywhere på CDen, men ingen lett- eller fullversjonar av liknande produkt. Det er verdt å merke seg at denne CDen kjem med alle versjonar av C#Builder.

Installasjon

Installasjonen går, som me er vane med når det gjeld Borland-produkt, unna akkurat som den skal, men denne gongen syns me den var litt lang. Den sjekkar først om du har dei naudsynte programpakkane installert frå før; me tenker då på .NET-rammeverket, Microsoft Visual J# .NET-rammeverket og til slutt Microsoft .NET-rammeverket SDK. Alt dette finns på CDen, og det er ikkje naudsynt at du har oppdatert maskina på førehand.

Installasjonen er lang, i alle fall i forhold til kva me er vane med frå Borland sine program. Det er omtrent garantert at du er forvirra når du er ferdig med installasjonen, men i mitt tilfelle virka heldigvis alt då installasjonen var ferdig. Eg syns personleg at Borland kunne anstrengt seg litt lenger for å få satt i saman ein litt meir samansveisa installasjon (det var over 5 ulike installasjonsprogram i sving under installasjonen).

Det er verdt å merke seg at Borland krevjer produktaktivering, og du er nødt til å registrere deg hos Borland for å få starta C#Builder. Sjølve aktiveringa var det ingenting å seie på, bortsett frå at dersom du velgjer å aktivere via telefon, er du nødt til å ringe eit nummer i utlandet.

Kommentarer (0)

Norges beste mobilabonnement

Desember 2016

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Telia Smart Total


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen